For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

NYNORSKELEVAR: Det som er sikkert, er at nynorskelevane er dei store taparane på meir skjermbruk. Dei møter mindre av språket sitt kvar einaste dag, skriv Peder Lofnes Hauge.

Det gløymde språket

Publisert Sist oppdatert

Det er politikarane, ikkje lærarane, som har vore «digitalt medvitslause», skriv kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i ein kronikk på NRK Ytring om digitalisering og skjermbruk i skulen. Den nye opplæringslova hennar gjev ho rett i det.

Penn og papir er bytte ut med PC og iPad, og den siste tida har det gått eit høglydt og interessant ordskifte om skjermbruk i skulen, og ikkje minst: kva det gjer med borna våre. Det som er sikkert, er at nynorskelevane er dei store taparane på meir skjermbruk. Dei møter mindre av språket sitt kvar einaste dag. Ein medviten kunnskapsminister hadde rydda opp i dette då ho reviderte opplæringslova. Det ville ikkje Tonje Brenna.

Det store stridsspørsmålet var om nynorskelevane skulle få lovfesta rett til digitale læringsressursar som er laga for opplæringa, på sitt eige språk. Elevane brukar i dag eit stort utval læringsappar, spel og plattformer, heller enn tradisjonelle heilskaplege læremiddel. Når dei færraste finst på nynorsk, møter elevane for lite nynorsk. Det går utover kvaliteten på opplæringa. Og mange elevar vert ikkje trygge i å skrive sitt eige språk.

Powered by Labrador CMS