Debatt
NY OPPLÆRINGSLOV: Før Noreg finn påskeroa, skal kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) (bilete) sende frå seg regjeringa sitt framlegg, skriv Peder Lofnes Hauge.
Heiko Junge / NTB
Det heiter ikkje «eg» no lenger, på internett heiter det «jeg»
Om berre éin av dei om lag 350 tilsette i Kunnskapsdepartementet hadde løfta blikket opp og vekk frå bokmålsperspektivet i Kirkegata i Oslo, ville dei høyrt det fortvila ropet frå rektorane på nynorskskulane.
Denne våren skal Stortinget vedta ei ny opplæringslov. Før Noreg finn påskeroa, skal kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) sende frå seg regjeringa sitt framlegg. Noregs Mållag forventar at det blir ei lov som sikrar nynorskelevane ein digital skulekvardag på nynorsk. I dag møter dei mest berre bokmål, fordi dei fleste digitale verktøy, skriveprogram, appar og læringsressursar verken finst på eller forstår nynorsk.
Det rokkar ved retten til opplæring på eige skriftspråk, og gjev dei ei dårlegare lese- og skriveopplæring enn bokmålselevane. Slik kan vi ikkje ha det. Det er ein skandale at det sit elevar i norske klasserom og lærer seg å skrive med retteprogram som gjev dei raude strekar (Mente du: streker?) under nynorske ord dei har skrive rett!
Høgreregjeringa føreslo i høyringsutkastet til opplæringslova å lovfeste at skriveprogram skal kunne både bokmål og nynorsk, men dei la til atterhaldet «så langt som råd». Fire små ord som slår beina under retten. Dette atterhaldet må bort.