Det hjarta er fylt av
Eg er ikkje like rask til å dele evangeliet om Jesus med folk eg møter, som eg er til å fortelje om barnebarnet. Dét er eit paradoks.
Eg er blitt bestemor. Det er akkurat så fantastisk som alle har sagt at det ville bli, og eg kan ikkje la vere å fortelje om det.
Eg har delt gleda mi på Facebook, eg har drege fram mobiltelefonen på jobb og vist bilete av den vesle, og eg har vore veldig rask med å flette inn setninga «... og forresten er eg blitt bestemor» når eg har møtt kjentfolk på bussen. Vesle Jonathan er det flottaste som har skjedd i familien, sidan våre eigne søner kom til verda.
«Det hjarta er fylt av, renn munnen over med», heiter det. Eg er ikkje like rask til å dele evangeliet om Jesus med folk eg møter, som eg er til å fortelje om barnebarnet. Dét er eit paradoks.
For i dei rette samanhengane er vi raske til å proklamere at Jesus er det viktigaste i livet vårt. Ér han det? Spørsmålet er viktig å stille seg. Det er så mange ting som konkurrerer om førsteplassen, og travelheita er definitivt ein av dei.
Men dersom vi held fast på at Jesus er det viktigaste, kvifor er det då så vanskeleg å snakke om? Ei av forklaringane er kultur. Religion er blitt ei privatsak i vårt sekulariserte samfunn. Postmodernismens bodskap er at det som kjennest godt for deg, er rett for deg.
Vårt fremste ideal er å vere tolerant. Å overtyde nokon om at Bibelens bodskap er rett, vil implisitt seie at dei som meiner noko anna, tek feil. Det er ein svært politisk ukorrekt ting å påstå. I toleransens namn veks vitnesbyrdet vårt til ei potet i munnen, og det blir uoverkomeleg å få sagt det vi veit vi burde. Frykta for å fornærme trumfar frimodet.
Ei anna forklaring på dalande iver for misjon, er teologi. Når kyrkja tonar ned at livet har to utgangar, og at mennesket treng å bli frelst frå synd, går krafta ut av misjonens motor.
La oss snu på flisa: Å dele evangeliet handlar om å fortelje gode nyheiter. «Misjon er å bære godt budskap, et gledesbudskap, fordi det er budskap om frelse», sa misjonsprofessor Tormod Engelsviken i avskilsførelesinga si ved Menighetsfakultetet i Oslo. Han understreka at misjon har ein gledesdimensjon som ofte blir gløymd, fordi ein har snakka meir om lydnad mot kallet. Godt nytt er lett å fortelje. Den som har opplevd at eins eige liv vart forvandla i møte med evangeliet, vil unne andre å oppleve det same.
Ein eg står nær, vart kristen i vaksen alder. Det skjedde fordi folk han vart kjend med då han flytte til ein ny bydel ivrig fortalde om trua si. Dei utfordra han gang på gang, inviterte til Alpha-kurs og tok ikkje eit nei for eit nei. At han vart kristen forvandla hans eige liv og familien hans. Det hadde kanskje aldri skjedd utan desse som var så ivrige etter å dele godt nytt.
Romarbrevet 10,13 fortel godt nytt: «Kvar den som kallar på Herrens navn, skal bli frelst.» Men alt i neste vers får vi ansvaret klinkande klart forklart: «Men korleis kan dei kalle på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyre utan at nokon forkynner?»
Med andre ord: Skal menneske bli frelst, må nokon fortelje. Ein som tidleg forsto dette var Ali Khidri, Bibelselskapets modige leiar i Algerie, som nyleg delte historia si i Dagen. Muslimske Ali fekk store problem med familien då han konverterte til kristen tru heilt i byrjinga av den algeriske vekkinga. «I periodar måtte eg flytte heimanfrå, men eg kom alltid tilbake, for eg følte eit stort ansvar for å dele evangeliet med familien min,» sa han.
Heilt sidan vekkinga starta for 40 år sidan, har kyrkja i Algerie vore ei vitnande kyrkje. Det er dei framleis. «Dersom vi verkeleg meiner at trua er det viktigaste i livet vårt, er vi nøydde til å dele dei gode nyheitene med andre. Konvertittane byrjar å dele med det same,» sa Khidri.
Det er ikkje lett i muslimske Algerie, men dei gjer det likevel. Å dele evangeliet er ein naturleg del av kulturen. Slik er vekkinga i Algerie blitt ei av dei største i den muslimske verda.
La oss hente inspirasjon frå vekkinga i Nord-Afrika - eller i Iran, Kina og Brasil for den del: La oss gå saman om å bygge ein kultur der tru er noko ein snakkar om. Og la oss oppmuntre og ansvarleggjere kvarandre til å dele dei gode nyheitene med frimod.