Meninger

BØNN: Berre me bed nok, og lever i Ordet, så skal ting skje av seg sjølv, hevdar mange, skriv Marit Hårklau Ådnanes.

Det me vil sjå, må me bevisst bygga

Publisert Sist oppdatert

Med all fare for å bli misforstått i dette stykket, skriv eg det eg no skriv. Det ligg meg sterkt på hjarta at ting ikkje skjer av seg sjølv, heller ikkje i Guds rikes arbeid. Eg har tru på bøn. Eg opplever at Guds Ord er sterkt og verkekraftig. Eg veit at det er Gud som er ansvarleg for vekst. Like fullt opplever eg at dette kan bli sovepute for mange. Berre me bed nok, og lever i Ordet, så skal ting skje av seg sjølv, hevdar mange.

Men kan me ikkje både be og arbeida samstundes? Kan me ikkje leggja til rette for at det me vil sjå meir av, kan me bevisst bygga? Medan me ventar på den store vekkinga, så kan me gå tett med menneske for å bygga disiplar, arbeida med forsamlingsvekst, starta livsnære grupper, utrusta til teneste osb.

Gjer læresveinar, seier Jesus. Det du har høyrt av meg framfor mange vitne, skal du gje vidare til pålitelege menneske som er i stand til å læra andre, seier Paulus. Korleis kan dette skje?

Korleis kan me laga ein kultur for at det er heilt naturleg å gå tett med unge menneske, med ein eller fleire? Om me ynskjer ein kultur for at menneske skal lesa Bibelen, så må me leggja til rette for dette også. Me treng å dela dei gode historiene på korleis Bibelen verkar på oss, og gjerne leggja til rette for at me kan lesa saman.

SKRIBENT: Marit Hårklau Ådnanes er dagleg leiar i Indremisjonssamskipnaden (IMS) som er tilslutta Indremisjonsforbundet.

Kva verdiar og kultur ynskjer me å sjå? Det kan ta mange år å bygga kultur. Om me ikkje bevisst byggjer kultur, korleis kan det me vil sjå, skje heilt av seg sjølv? Så er det sjølvsagt eit spørsmål kven som vil vera med på denne reisa. Den kulturen du ser levd ut i ei leiargruppe, finn du også igjen på grasrota. Kanskje er ikkje dette ting me snakkar så mykje om.

Ofte handlar ting om aktivitetar og å snu semesterplanen. Me kan likevel starta i det små. Og kor startar me? Ber me Gud velsigna våre planar, eller søkjer me Gud først for hans veg og råd? Og lar me Guds kjærleik vera drivkrafta i det me gjer, ikkje dårleg samvit eller anna? Om me ynskjer å ta på alvor mange av dei tinga som står i Bibelen, må me ikkje berre tala om det. Me treng å praktisera, og leggja til rette for at menneske får øvd seg i ei trygg gruppe. Be for sjuke, står det. Korleis kan me leggja til rette praktisk for dette?

Så skal me ta med at me alle har grunnleggjande haldningar, tankar og forståing, som gjerne påverkar oss meir enn me trur. Har me eigentleg tru på bøn, tru på at menneske kan bli lækte? Kvifor, kvifor ikkje? Har eg tru på at Gud kan verka i meg? Har eg tru på at eg kan bety noko for andre menneske? Gudsbiletet og verdsbiletet påverkar vår tru og tanke. Me treng å identifisera det som bur i menneska i forsamlinga, og i våre personlege liv. Jesus og Paulus utfordrar også på det.

Sanningane i Guds Ord treng å forkynnast, men også praktiserast. Då kan mykje skje.

Powered by Labrador CMS