For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

VAKKERT: Etter tradisjonen er det berre det norske flagget som skal vaie på dei offentlege flaggstengene, men dette er det i ferd med å verte ei endring på, skriv Hans Reite.

Det norske flagget

Publisert Sist oppdatert

Vi nærmar oss 17. mai og ser fram til å feire fridom og fred i landet vårt. Det er ikkje sjølvsagt når ein veit at det er krig og uro i Ukraina og andre stadar i verda. No er det 72 år sidan andre verdskrigen tok slutt, og Noreg vart ein sjølvstendig nasjon att. Det er flott å kunne feire nasjonaldagen med det vakre flagget vårt.

I midten av flagget har vi korset som er blått. Det viser at vi gjennom ei tusen år lang historie har vore ein kristen nasjon. Blått kan symbolisere himmelen som er vår von. Kvitt talar om reinheit og raudt peikar på Jesu blod som reinsar frå all synd. Vi er stolte av flagget vårt og ynskjer å behalde det for alltid!

Etter tradisjonen er det berre det norske flagget som skal vaie på dei offentlege flaggstengene, men dette er det i ferd med å verte ei endring på. I dei seinare år har myndigheitene tillate at Pride-flagget skal ta plassen til flagget vårt ved nokre anledningar. Dette er det fleire av oss som synest er trist når ein tenkjer på kva dette flagget står for: Synd og umoral.

Powered by Labrador CMS