Det trengst ein plan mot antisemittisme
All diskriminering og trakassering i samfunnet må motarbeidas på det sterkaste.
Korleis få sjefen til å gå for eit forslag «nedanfrå»? Svaret er ofte dette: Presenter forslaget slik at han trur han/ho har komme på det sjølv. Det gjer forskjellen.
Kristeleg Folkeparti har frå vinteren 2011 årleg lagt fram for Stortinget forslag om ein handlingsplan for å bekjempa antisemittisme. Årets forslag var framme i Stortinget denne veka. Men igjen stod partiet åleine om planen. Kan godt henda at KrF skulle vore flinkare til å bruka taktikken ovafor - lagt meir vekt på å hjelpa regjeringa til å tru dei hadde komme på det sjølve. Men i nasjonalforsamlinga ventar vi meir edru realisme enn slikt politisk spel. Det er høgst beklageleg at ikkje heile Stortinget nå manar seg opp til å gje Regjeringa tydelege signal at det snarast må på plass ein konkret handlingsplan mot antisemittisme - rasebasert hat mot jødar fordi dei er jødar.
Det er eit fornuftig forslag KrF la fram (12. nov. 2013) og som altså blei behandla tysdag. Dagen presenterte forslaget 13. mars, og eg gjentek det her i partiet sin eigen ordlyd med dei fem punkta:
1. Stortinget ber regjeringen sikre at Holocaust-dagen markeres årlig på alle skoler.
2. Stortinget ber regjeringen sikre at lærerutdanningen får en sterkere vektlegging av kunnskap om antisemittisme og holocaust.
3. Stortinget ber regjeringen styrke undervisningen i skolen med sikte på forebygging av antisemittisme, herunder obligatorisk undervisning om holocaust i relevante fag, bedre læringsmateriell og fremme forslag om bedre økonomiske støtteordninger slik at alle klasser får mulighet til å dra på studietur til tidligere konsentrasjonsleirer.
4. Stortinget ber regjeringen sørge for at Det mosaiske trossamfund får løpende støtte til sikkerhetsutgifter og kontinuerlig dagvakt ved de jødiske institusjonene i Norge.
5. Stortinget ber regjeringen vurdere å fremme forslag om endringer i straffeloven for å sikre sterkere reaksjoner mot hatkriminalitet.
I presentasjonen legg forslagsstillarane fram fakta om den alvorlege situasjonen med sterk antisemittisme i vårt land. Dette er kjensgjerningar som ingen kan vera blinde for:
Ein av fem nordmenn støttar påstanden om at «verdas jødar i det skjulte fremjer jødiske interesser». Ein av fire nordmenn meiner det er rett at «jødar ser på seg sjølve som betre enn andre». Mest 40 prosent av dei spurte likestiller Israels behandling av palestinarane med nazistane si behandling av jødane under andre verdskrigen. - Alt utdrag frå forskningsrapport frå Holocaust centeret.
Det mosaiske trussamfunn har med undersøking mellom eigne medlemmer fått følgjande viten: Av cirka 300 medlemmer i synagogene i Oslo og Trondheim fortel 54 prosent at dei har opplevingar med aukande antisemittisme. Ni av 10 meiner at mykje av skulda for den sterke antisemittismen skriv seg frå mediedekninga av konflikten i Midtausten. Det er fakta som redaktørar og mediekommentatorar bør ta meir på alvor.
Eit av motargumenta mot eigen plan mot antisemittisme er at ein må laga felles plan mot all diskriminering og trakasering. Ja, all diskriminering og trakassering i samfunnet må motarbeidast på det sterkaste. Men når det blir dokumentert at 3,5 prosent av elevane i ungdomsskulen i Oslo har negative opplevingar to til tre gonger kvar månad på grunn av religion, og tilsvarande tal for jødiske born er heile 33,3 prosent, seier det nok til forsvar av at eigen plan er høgst nødvendig! Ein kvar prosent er ein for mykje, men når det omfattar ein tredjedel av jødiske born, trengst det faktisk ein eigen plan for å ta uvesenet på alvor.
Noreg er som kjent eit land i Europa. Vi konstaterer aukande antisemittisme mest over heile linja. Det som rører seg i Ukraina er siste utslag som berre dokumenterer fakta. Våre politiske leiarar må ikkje sova med taktisk spel. Det krevst konkret handling - og det snart!
DAGEN