For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

| Debatt

Det var nok ikkje dette Kjersti Toppe drøymde om

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Publisert Sist oppdatert

For åtte år sidan vedtok Noregs Mållag ei fråsegn på landsmøtet som tok til orde for å utvide retten til å gå i eiga nynorskklasse også ut ungdomsskulen. Målsettinga var klar; å hindre at nynorskelevane skulle skifte språk fordi elevane vart sette i klasser der bokmål var i fleirtal. Dåverande stortingsrepresentant frå Senterpartiet, Kjersti Toppe, såg at dette var ei aktuell problemstilling for det språkblanda områda rundt Bergen. Ho tok difor initiativ til å fremje dette i Stortinget. 

Etter ein lang politisk prosess vart denne retten offisiell utdanningspolitikk då den nye opplæringslova tok til å gjelde frå august i år. 

Å skifte opplæringsspråk i skulen er ikkje ei sak ein vanlegvis tek lett på. Difor seier lova at minst ein fjerdedel av dei med røysterett må ha skrive under på eit krav om dette, før kommunestyret pliktar å gjennomføre røysting. Forskrifta seier også at alle innbyggjarar over 18 år har rett til å røyste i slike saker. 

Powered by Labrador CMS