For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

LIV KARI ESKELAND: Stortingsrepresentant for Høgre.

Det viktigaste for distrikta er lokale arbeidsplassar

Publisert Sist oppdatert

Per Martin Sandtrøen frå Senterpartiet er passe frekk og naiv når han forsøkjer å framstille det som om distriktspolitikken står og fell på gratis ferjer til enkelte øysamfunn. Det kan verke som representanten frå Senterpartiet har gløymt at det viktigaste for god distriktspolitikk er eit velfungerande næringsliv og lokale arbeidsplassar som barnefamiliar kan leva av.

For det er nok svært mykje meir som skal til for å sørgje for at også distrikta har god utvikling og vekst. At skatte- og avgiftsnivået er så lågt som mogleg, både for industri og privathushaldningar, er eit av grepa. Her har diverre Senterpartiet feila ved både å innføre auka arbeidsgivaravgift, auke skattane til vekstbransjar som havbruk og kraft, noko som har stoppa prosjekt for fleire milliardar, og med det teke frå distrikta verdifulle arbeidsplassar.

Gjennom symbolsaker, som til dømes gratis ferjer, omfordeler Sp skattebetalarane sine pengar slik at enkelte, som bur på øysamfunn med ferjer, skal få dette gratis, medan dei som har anløp med hurtigbåt skal betale full pris. Forstå det den som kan.

Powered by Labrador CMS