Meninger
Difor finn eg det meiningsfullt å arbeide i Misjonssambandet
Misjonssambandet har fått mykje merksemd den siste tida. Det har allereie blitt skrive meir enn nok om både varslingssaker og generalsekretæravgang.
Som tilsett leiar i organisasjonen har eg kjent på at alle medieoppslaga har vore energitappande. Tanken om å heller finne seg noko anna å gjere har meir enn éin gong dukka opp. I dag har eg likevel lyst til å skrive litt om det som gjer at eg framleis finn det meiningsfullt å arbeide i Misjonssambandet.
I min kvardag som regionleiar går mykje av arbeidstida med til personalarbeid. Eg er involvert i både rekruttering av nye utsendingar, og oppfølging av dei som er ute på felt og dei som avsluttar tenesta ute.
Før koronapandemien var talet på Misjonssambands-utsendingar på felt nede i 108. I dag har vi om lag 125 utsendingar i teneste utanlands. Dersom det går som planlagt, så kjem det til å vere rundt 130 til hausten.
I fjor sende Misjonssambandet ut omtrent 40 utsendingar; nokre av dei hadde vore på felt tidlegare, men dei fleste var fyrstegangsutsendingar. I desse dagar er 40 nye i gang med å førebu seg til utreise.
Det er svært gledeleg at nye kandidatar melder seg til teneste i misjonen, og det er eit stort privilegium å få møte engasjerte personar som ynskjer å bety ein skilnad for menneske i andre delar av verda. Dei er villige til å bryte opp frå livet i Norge for å vere vitne om Guds kjærleik og dele liv og tru langt borte frå vener, familie og anna nettverk.
I desse dagar er 40 nye i gang med å førebu seg til utreise.
Fleire av utsendingane skal innviast før dei reiser ut. Førre helg var det innviing i Øygarden og 1. pinsedag skal det vere innviing i Misjonssalen i Oslo. Utover i juni blir det fleire slike samlingar og på generalforsamlinga er det også i år fleire utsendingar som skal innviast.
I Misjonssambandet er det hovudstyret som leiar innviingane. Takk til hovudstyremedlemmane som reiser land og strand og deltek på desse samlingane! Innviingane er viktige møtepunkt mellom utsendingar og støttetroppane som står bak med forbøn og offer.
Det er også eit synleg bevis for utsendingane på at ein ikkje reiser ut åleine. Jesus har i misjonsbefalinga lova å vere med alle dagar, men det er også godt å vite at misjonsfolket også går med. For min eigen del var minne frå innviinga med på å gi styrke i tenesta i Indonesia, spesielt på litt tunge dagar.
Mange utsendingar kjenner på at ein møter ting i tenesta som ein ikkje er skikkeleg førebudd på. Det vil vere umogleg å førebu seg på alt, men dei siste åra har me arbeidd med å styrke kursinga av nye utsendingar.
I år skal alle dei 40 nye utsendingane med born fyrst vere saman under generalforsamlinga til Misjonssambandet før dei like etterpå reiser til felt via Nairobi. Der skal dei i tre veker få vidare opplæring og erfare fellesskapet med andre som er i same situasjon.
Blant dei 40 er det utsendingar som har lang erfaring som dei kan dele av, men mange reiser ut for fyrste gong. Vi har også ungdommar som kjem rett frå eit år på bibelskule og som no vil ut i eittåringsteneste.
Tanken er at kurset skal dekke noko av det etterspurde behovet for opplæring og førebuing. Eit slikt kurs kostar både tid og pengar, men Misjonssambandet har likevel tru for at det er ei god investering.
I utlandsavdelinga får me stadig nye glimt frå det arbeidet utsendingane våre står midt oppe i. Frå Mali fekk me førre veke tilsendt bilete der glade menn med gjørme frå topp til tå viser fram fangsten frå fiskedammen dei har laga.
Frå Indonesia har me nyleg fått ein musikkvideo som våre lokale medarbeidarar har laga, med nye og gamle kristne barnesongar. Ei folkegruppe i Sentral-Asia har nettopp fått heile Bibelen tilgjengeleg på sitt språk. Omsetjingsarbeidet er ferdig og no er Bibelen klar til trykking.
Me får stadig høyre om nye kristne i Etiopia og korleis kyrkja der veks, trass i store utfordringar. Andre gonger får me høyre om «Gudfeldige» personmøte som gir høve til djupe samtalar eller der utsendingar på uventa måte får vere til hjelp for menneske i åndeleg, sjeleleg eller menneskeleg naud.
Så er slett ikkje all informasjon frå samarbeidslanda våre gledeleg. Utsendingane våre arbeider saman med kyrkjer som slit med rekruttering. Dei står saman med kristne som blir fengsla på grunn av trua si.
Nokre stader står utsendingane i samarbeidsrelasjonar som er ganske utfordrande. Nokre utsendingar slit med at det er vanskeleg å få heile familien til å trivast i ein ny kultur.
Det er sjeldan enkle løysingar på dei utfordringane ein møter. Eg opplever det likevel svært meiningsfullt å arbeide i ein samanheng som finst fordi Jesus, som det siste han gjorde her på jorda, bad disiplane om å gå ut verda. Han lova ikkje lette dagar, men han lova at han ville vere med så lenge verda står.