For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

PRESIDENT: Daniel Ortega har etter tur slege hardt til mot alle kritiske røyster, skriv Johannes Morken.

Diktator blei kvitt kritisk biskop

Diktator Daniel Ortega reinsar Nicaragua for kritikarar. No er han også blitt kvitt modig biskop.

Publisert Sist oppdatert

Diktator Daniel Ortega gav seg ikkje før han var kvitt den modige biskopen Rolando José Álvarez. Den sentrale katolske kyrkjeleiaren blei utvist frå Nicaragua 14. januar, nesten eitt år etter at han blei dømt til 26 år og fire månaders fengsel på ugrunna skuldingar om ei samansverjing mot Ortega.

Biskopen har kritisert menneskerettsbrot i Nicaragua og freista også dialog mellom regimet og demonstrantar under og etter store demonstrasjonar mot Ortega-regimet i 2018.

Ifølgje ei fråsegn frå den nicaraguanske regjeringa var biskop Álvarez ein av 19 romersk-katolske politiske fangar som blei utviste – med adresse Vatikanet. Blant dei var også biskop Isidoro del Carmen Mora Ortega. Han blei arrestert 20. desember i fjor. Då hadde han fortalt kyrkjelyden at Nicaraguas biskopar var «samla i bøn» for biskop Álvarez.

Powered by Labrador CMS