Leder
KRITISK TIL NY RESSURS: Oslo-biskop Kari Veiteberg er tøff kritikar av den nye ressursen «Identitet og seksualitet» lansert av heile seks organisasjonar som formidlar klassisk kristen seksualetikk.
Herman Frantzen
Dnks farvel til kristen sex-etikk fører til konservativ samling
Formidling av tradisjonelle kristne perspektiv på kjønn og seksualitet har blitt ein kamp på to frontar. Kan dette bidra til å styrkja samhaldet mellom konservative?
Sist veke vart eit innlegg publisert mellom anna her i avisa med heile 15 underskrivarar som alle er leiarar og sentrale aktørar i Kristen-Noreg.
Innlegget var eit svar på den sterke kritikken av den nye ressursen «Identitet og seksualitet», eit undervisningsopplegg som seks ulike organisasjonar står bak, og som har blitt lansert heilt nyleg.