Debatt
FIENDE ELLER VEN: Paulus kallar døden den siste fiende (1. Kor. 15,26), ikkje ein ven. Konseptet god eller naturleg død eksisterer ikkje i Bibelen, der blir den stempla som ein fiende, skriv Iver-O. Grimstad.
Odd Mehus
Død før syndefallet? Grill heller ein kristen på nytt!
Når vi les dei to siste kapitla i Bibelen, ser vi ei vakker skildring av himmel og jord i gjenerobra harmoni. Der skal Skaparen igjen bu saman med menneska slik han ønskte å gjere det i Edens hage:
«Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte» (Joh. Op. 21,4)
Likevel vil teolog og apologet Jon Bestul Håversen sjokkerande argumentere for at Bibelen harmonerer med evolusjonens «uendelig rekke av død hos dyr …» («Grill ein kristen», Dagen 14.09.24), og alt det som dette medfører: Død, sorg, skrik og pine!