Meninger

DØDEN: Døden – punktum eller portal? spør Jan Helge Aarseth.

Døden – punktum eller portal?

Publisert Sist oppdatert

På ein lys sommardag mellom badetemperaturar og reisehelsingar frå fine strender, kom det i media brått ein artikkel som drog alle ut på djupare vatn. Ein kjend psykiater og samfunnsdebattant i 70-åra hadde gått bort etter lengre tids sjukdom, og hans siste helsing vart no delt med venner og ukjende.

Helsinga var forma i eit kort dikt kalla «Avslutning», og dreg den siste pusten med følgjande ord; « … det nærmer seg tid for å slippe og gjøre meg klar for natten.»

Ein døyande nordmann som har vore så «uendeleg glad i livet sitt» ser framover, og ser berre mørke og natt.

I ei humanistisk gravferd var forrettaren svært oppteken av at det ikkje nytta å sjå framover i møte med døden, som ho kalla for det «endelege punktum». Det einaste som låg att var alle dei gode minna om det vedkommande hadde gjort og sagt, og dei sørgjande vart strengt formana til å nøye seg med det. Dei måtte for all del ikkje dulle seg inn i urolege tankar om at det kunne vere noko meir, men sjå attende på det som var, og slå seg til ro med det. Ei oppmoding som så vart etterfølgd av songen «Blåmann, Blåmann, bukken min, tenk på vesle guten din!»

Så tilbake til avskilsdiktet frå sommardagen, og oppmodinga om å «gjere meg klar for natta». Korleis kan me gjere oss klar for å gå inn i natt og mørke? Kva vil møte oss, og kva må me vere førebudd på?

Å tenkje på førebuing om det berre er snakk om døden som det endelege punktum, gjev inga meining. Førebuinga gjev berre innhald ved ei fortsetting på det som var vandringa og livet her.

For tre år sidan døydde ein annan kjend 70-åring etter lengre tids kreftsjukdom. Det var Egil Grandhagen, misjonsleiar gjennom mange tiår. Det velskrivne portrettet om han har eit siste kapittel der Grandhagen sjølv kjem til orde. Det heiter «Refleksjonar ved livets slutt». Dette vart også lagt ut på Facebook dei siste åra han levde, lik diktet til psykiateren.

Der siterer han frå ein samtale med legen berre nokre få månader før han døde. Spør om han får oppleve å feire neste jul saman med han. «Det tviler eg på, men eg veit jo ikkje.» vert svaret. Og responsen på dette vart slik;

«Korleis skal eg avslutte dette? Det må bli med ei lita helsing frå ein strofe slavane song på slave-markane i Sør-Statene til alle mine fb-venner: Come and go with me to that Land, Where I´m home.»

Og når du blar om til siste side i boka, eit lite svart-kvittbilete av ein gravstein. Øvst, det tomme korset inngravert i granitten. Så namnet Egil Grandhagen. Og til slutt siste helsing som handlar om fortsettinga og framtida, og om lyset og den nye dag.

«Livet vant. Dets navn er Jesus»

Powered by Labrador CMS