Debatt

KONGSHAUG: Skulen er ein smeltedigel som ustansleg fòrar musikkmiljøet med gitaristar, pianistar, tromissar, songarar og jamvel ein og annan på kontrabass, skriv Trond Hjorteland.

Ein dråpe i eit statsbudsjett. Men eit hav i eit ungt menneske sitt liv

Regjeringa har i år kutta stønaden for ein-til-ein-undervising – som er heilt avgjerande for at elevane skal foredla talenta sine.

Publisert Sist oppdatert

Ope brev til utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Trygve Skaug har gått der. Boy Pablo likeså. Men nå står tilbodet i fare. Kjære politikar! Eg vil gjerne fortelja kva Kongshaug Musikkgymnas betyr – og kva nettopp du kan gjera for å berga tilbodet.

Det handlar eigentleg om skarve 4,5 millionar kroner. Ein dråpe i havet for eit norsk statsbudsjett. Men eit lite hav for Kongshaug musikkgymnas. Regjeringa har i år kutta stønaden for ein-til-ein-undervising – som er heilt avgjerande for at elevane skal foredla talenta sine.

Eg er far til ein elev på Kongshaug. Han er russ dette året. Han veit at eg skriv dette brevet; han har lese gjennom og «godkjent» at pappaen har valt å engasjera seg. Og kvifor gjer eg det? Jo, fordi eg gjennom dei siste par åra har sett med eigne auge – og høyrt med eigne øyre! – kor viktig tilbodet på Kongshaug er. Og eg ber nå om at alle gode krefter slår seg saman for at tilbodet skal overleva. For ungdommane våre. Og for mangfaldet vårt.

Her kan musikk- og songspirer frå heile landet treffa likesinna og utfalda seg på det som er landets einaste vidaregåande internatskule med musikklinje. Skulen er ein smeltedigel – ein talentfabrikk – som ustansleg fòrar musikkmiljøet med gitaristar, pianistar, tromissar, songarar og jamvel ein og annan på kontrabass.

Ein sesong av The Voice utan innslag frå Kongshaug, er mest utenkjeleg.

KAN FORSVINNE: Eg ber nå om at alle gode krefter slår seg saman for at tilbodet skal overleva, skriv Trond Hjorteland, far til ein elev ved Kongshaug musikkgymna.

Mangfald er eitt stikkord. Idealisme eit anna. Dei tilsette brenn for det dei held på med. Det merkar elevane. Det merkar me føresette. I sum gir Kongshaug eit unikt læringsmiljø, både i allmenn- og musikkfag.

Når me set oss i bilen og svingar inn i skuletunet på Lepsøy, utanfor Os sør for Bergen, er det alltid med ei forunderleg forventning. Kanskje er det ein elevkonsert som ventar. Eller kanskje treng poden hjelp til å flytta eit piano. Når Kongshaug kallar, stiller me alltid – med glede!

Men eg må innrømma at me gruer oss til nå i desember. For det er aller siste gong me får oppleva julekonserten i Os kyrkje. Eg trur det gjer noko med oss; når 120 elevar får mangfaldet til å svinga og tårene til å trilla. Og lærarane er med. Seint og tidleg. Dei rammar inn skuledagane og skuleåret slik bare idealistar kan.

Kongshaug er ein kristen skule. Eg får meg ikkje til å tru at noka regjering kuttar 4,5 millionar kroner til mangfald og idealisme – ikkje i 2023 – fordi Kongshaug er ein kristen skule.

Eigentleg bryr eg meg ikkje om kva motiv som ligg bak. Det som er viktig for meg, er ungdommane. At dei som ikkje finn det rette skuletilbodet heime, om det er i Stjørdal eller Strand, har eit alternativ. Eit alternativ der dei får vera seg sjølve. Der dei får utvikla seg. Der dei blir utfordra både som musikarar og menneske.

I 2024 feirer Kongshaug 25-årsjubileum som musikkgymnas. Kjære medlem i forskings- og utdanningskomiteen på Stortinget! Den beste bursdagsgåva skulen kan få, er å gi einetime-tilskotet tilbake i statsbudsjettet for 2024.

Ikkje først og fremst for Kongshaug si skuld, men for elevane. For at også framtidas ungdommar har eit tilbod som famnar deira talent, deira draumar og deira mangfald. Det er ein dråpe i eit statsbudsjett. Men eit hav i eit ungt menneske sitt liv.

Powered by Labrador CMS