Kommentar
Draumen om eiga kyrkje vart brutalt knust
Kor mykje ville eg vore villeg til å risikere for å få bygt ei kyrkje? Eg veit ikkje. I ein landsby i Øvre Egypt veit dei. Der kunne kyrkjedraumen kosta dei alt.
Området Minya i Øvre Egypt er som ei kruttønne. Radikale islamistar står sterkt. Dei kristne veit inderleg vel at dei er ein liten, sårbar minoritet. At dei må gå varsamt fram, så dei ikkje provoserer fleirtalet.
Likevel har dei vel 3.000 koptiske kristne som bur i landsbyen Al-Azeeb våga å drøyme. I årevis har dei drøymt om å få si eiga kyrkje, så dei slapp å køyre langt av garde for å gå på gudsteneste andre stader. Men dei visste at draument var urealistisk.
Lenge var det nærast umogleg å få løyve til å reise nye kyrkjer i Egypt. Sjølv søknader om løyve til å gjere mindre reparasjonar, kunne det ta år å få svar på.
Vart søknaden innvilga, var det likevel eit sjansespel, fordi islamistar kunne bli provoserte og gå til åtak på kyrkja og kyrkjelyden. Dette har skjedd mange gonger.
I 2016 vitja eg ei landsbykyrkje i Minya-området. Ho sto der som eit monument over eit kristenfolk som må leve med bøygd nakke. Så lita og fattigsleg.
Murpussen flassa. Dørlistene var knekte. Ledningar hang og slang. Gjennom sprekker i veggen såg ein rett ut.
Eit kors i fronten og litt attgløymd julepynt var einaste utsmykkinga. Så ulik den koptisk-ortodokse katedralen i Kairo og alt eg har sett av kyrkjer her heime.
Ved første augnekast såg kyrkja i Minya nærast sjuskete ut. Men ein skulle ikkje stå lenge i dette kyrkjerommet, før ein vart fylt av ærefrykt. For dei som feirar gudsteneste her veit kva Meisteren meinte, då han sa at dei som vil følgje han, må ta sitt kors opp.
Same år som eg vitja denne kyrkja, vart ei ny lov vedteken i Egypt: Church Construction Law (Law No. 80 of 2016).
Lova skulle gjere det mogleg for kyrkjelydar å søkje lokale styresmakter om løyve til å bygge, utvide, reparere eller rive kyrkjer, kyrkjelege anneks, servicebygg og hus som vart brukte til kyrkjeleg retreat. Før var det presidenten som måtte avgjere slike saker.
Sjølv om lovteksten vart kritisert for å innehalde fleire svake punkt, skapte lovendringa ei viss optimisme.
Kyrkja sto der som eit monument over eit kristenfolk som må leve med bøygd nakke.
Det var denne lova kyrkjelyden i Al-Azeeb viste til då dei søkte om å få byggje si eiga kyrkje, melder Christian Solidarity Worldwide (CSW).
I november kom svaret dei lengta etter. Søknaden var innvilga. Dei fekk lov til å byggje.
Ein månad seinare byrja grunnarbeidet. Arbeidarane heldt på å grave ut tomta då radikale islamistar frå området gjekk til åtak 18. desember. Dei kasta steinar mot bustadhusa til koptiske kristne og sette tre av husa i brann. Også dyra til ein bonde vart skadde i brannen.
Denne gongen kom ingen personar alvorleg til skade. Politiet skal ha kome raskt til staden. Dei tilkalla forsterkningar, arresterte fleire av gjerningsmennene og fekk kontroll på situasjonen, skriv den koptiske avisa Watani.
Bilete av den massive politistyrken med våpen, hjelmar og gassmasker seier sitt om alvoret.
– Vi er overraska over at fleire titals ekstremistiske muslimar, trass i at politiet var til stades, kunne rope «Allahu Akbar» og truge med å jamne eikvar kyrkje med jorda, seier eit anonymt augevitne til Watani.
Han fortel at dei koptiske kristne i landsbyen no lever i ein panikktilstand og at alle held seg i heimane sine i frykt.
Dette er den beiske verkelegheita for kristne i Egypt. Grunnlova garanterer trusfridom. Sunnimuslimar, kristne og jødar har lovfesta rett til å utøve trua si og byggje gudshus. Men islamistiske grupper har stadig makt til å stoppe lovleg fatta vedtak.
Kor gale det nokre gonger kan gå, er brannen i Giza i august i fjor eit døme på. 41 kyrkjegjengarar miste livet. Kjelder uttala ifølgje BBC at brannen starta med ei kortslutning i det elektriske anlegget.
President Abdel Fattah al-Sisi var snar til å uttrykke medkjensle med ofra og love hjelp til gjenoppbygginga.
I ettertid gjekk kyrkjeleiarar likevel ut og kritiserte styresmaktene for dårleg beredskap og for restriksjonane på vedlikehald av kyrkjebygg.