Meninger
TRUSUNIVERS: Alt dette surra i hovudet mitt då eg såg overføringa av påskenattsmessa i Peterskyrkja (biletet). Der var det også dåp, skriv Egil Morland.
Skjermdump / NRK TV
Drop in-dåp i Peterskyrkja?
«Når en menighet arrangerer drop-in-dåp, er det mulig å møte opp uten avtale. Du trenger heller ikke gjøre noen praktiske forberedelser.»
Slik presenter Den norske kyrkja fenomenet «drop in-dåp» på heimesida si. Det blir også opplyst at den som droppar inn til dåp må ha ein «liten» samtale med forrettande prest.
Fenomenet er ikkje heilt nytt, og det har oppstått som eit kreativt tiltak mot den store nedgangen i dåpstala.