For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

KINAS PRESIDENT: Xi Jinping står for den verste forfølginga av kristne og andre truande sidan kulturrevolusjonen, skriv Johannes Morken.

Dynamitt mot tru

Kinas mektige mann, Xi Jinping, gjer alt han kan for å kontroll over kyrkja og all religion i Kina. Tek utanriksminister Espen Barth Eide opp dette i Beijing?

Publisert Sist oppdatert

Xi Jinping starta det nye året med å innføra eit nytt direktiv om patriotisme. Religiøse leiarar blir pålagde å forkynna hans patriotisme, eller som det heiter: «Vårt lands religiøse krinsar må læra, tenkja og praktisera Xi Jinpings tankar om sosialisme med kinesiske karakteristikkar for ein ny æra …»

Direktivet slår fast at kommunistpartiet skal styra alle dei fem godkjende religionane: Protestantisk kristendom, den katolske kyrkja, buddhisme, islam og taoisme. Det leverer skryt av «historia om einskapen og kampen til vårt lands religiøse krinsar under leiing av det kinesiske kommunistpartiet …»

Ikkje eit ord, sjølvsagt, om forfølginga av kristne, tibetanske buddhistar og muslimar, aller verst under den blodige Kulturrevolusjonen frå 1966–1976: Då var også den statskontrollerte, protestantiske Tre sjølv-kyrkja forboden, og prestar vart forviste eller fengsla.

Powered by Labrador CMS