Kommentar
Eg blir litt glad av Bonde Tusviks tafatte «selfie-feminisme»
Sigrid Bonde Tusviks harang om norsk film sitt påståtte svik mot kvinner får fram at lavaen inst i moderne feminisme berre bryt ned, aldri byggjer noko.
Det er vel smått fantastisk at eit rasande utbrot frå ein rabiat feminist-komikar er noko som får ein kvinneleg mørkemann til å gleda seg. Men slik vart det altså denne veka.
Verbal atomknapp
Eg er neppe åleine om å ha lese VGs intervju med komikar Sigrid Bonde Tusviks eruptive utfall mot norsk film, og krigsfilm i sær. No var det filmen om motstandsmannen Gunnar Sønsteby som fekk feministen til å sjå raudt.
Bonde Tusvik er lei av at menn lagar «mannefilmer». I podkasten «Tusvik og Tønne» dreg ho fram bazookaen og trykkjer på den verbale atomknappen samtidig: «Vi trenger ikke denne filmen», og filmbransjen «må inn i gasskammeret og dø».
Når ho overfor VG skal moderera gasskammer-utspelet, tyr ho til ei sjeldan form for mildskap: «Jeg mener ikke at folk skal dø, men at hoder må rulle».
Som furien frå romersk mytologi er ymse dødsvisjonar nært for handa, og lik ein lavastraum råkar ho alt i si gate. For det er ikkje berre filmbransjen. Ho er lei av menn i vadmålsuniformer som lager bomber, lei av nazistar som marsjerer opp Karl Johan.
Assistert av uttrykk eg nødig siterer i ein Dagen-kommentar, får Tusvik fram at pengestraumen berre går til menn som lagar unødvendige filmar om menn i ein krig vi har sett nok film om.
Spesialreglar for kvinner
Vi ber kanskje på ein draum om eit ordskifte med like spelereglar for kvinner og menn. Det kan vi gløyma. Hadde ein profilert, mannleg meiningsberar ytra berre eitt av Tusviks utsegn om kvinner, er min påstand at vi hadde vore vitne til sosialt sjølvmord.
Ei kvinne kan generalisera, latterleggjera, og forbanna «menn» i beste sendetid – og likevel bli teken på største alvor. Ho kan mistenkjeleggjera motstandarens motiv, om han er mann – og det blir glatt oversett.
Kvifor skulle ikkje ei kvinne kunna spela etter vanlege reglar?
Det er spesialreglar for kvinner i norsk offentlegheit. Sigrid Bonde Tusvik nyttar seg av det gong på gong. Men for mange av oss andre kvinner er det noko pinleg over det heile. Kvifor skulle ikkje ei kvinne kunna spela etter vanlege reglar?
Ho snakkar som Trump. Men er frikjent på grunn av leppestiften.
Katzenjammer
Basisvarene som inngår i denne varianten av feminisme er sjølvmedliding, blindt raseri og utakknemleg sinnelag. Akkurat denne gongen blanda opp med vilje til kontrafaktisk historieskriving, for å få kvinner til å framstå som meir moderne enn dei faktisk var på førtitalet.
På veg ut frå eit portrett om Noregs høgast dekorerte borgar, Gunnar Sønsteby, ein krigshelt i livslang teneste for landet, vert slik klage maksimalt tinnitus-framkallande. Det liknar kattejamring ved døra når ein nett har sett seg til middagsbordet. Jau då, ein får vel gå og opna. Elles blir det sikkert endå verre. Men tankane går mest til at sausen har kjølna.
Poenget er ikkje at ein film om «Kjakan» er, eller bør vera uangripeleg. Poenget er heller ikkje at det er uinteressant å få fram fleire kvinneportrett frå historia. Det hadde tvert om vore interessant, og Tusvik kunne ha starta med å laga ein slik film sjølv.
Poenget er at kritikken ikkje er filmkritikk. Kritikken er sjølvsentrert. Refleksjonane er det motsette av sjenerøse.
Det er ein «selfie»-feminisme som alltid spør: «Kor er eg i dette biletet?» Eventuelt: «Kvifor valde dei ikkje ut eit bilete der eg kjem betre fram, ser betre ut, er framstilt endå meir i pakt med det biletet eg har av meg sjølv?»
Det er ein «selfie»-feminisme som alltid spør: «Kor er eg i dette biletet?»
Maskefall
Då er vi framme både ved kva som er så lite attraktivt med denne feminismen, og kvifor han får ein kvinneleg mørkemann som underteikna til å gleda seg.
Eg gler meg fordi han får fram at vi treng ein annan, meir byggjande visjon for tilhøvet mellom kvinner og menn. Den som starta med ein handverkar-rabbi i Midtausten i det første hundreåret er i særklasse. Han gav kvinner eit verd og eit rom som er heilt forbløffande fortalt i dei fire evangelia. Det er ein kur mot å gå foruretta gjennom livet.
Eg gler meg fordi han minner om alt kvinner opp gjennom hundreåra, med svært vekslande rammevilkår, har makta å byggja, som regel i samhandling med menn dei æra og respekterte.
Eg gler meg over at Sigrid Bonde Tusvik lar maska falla og gir oss innblikk i kva det er som gjer at så mange av oss er ukomfortable ved å kalla oss feministar.
Det finst, kort og godt, andre måtar å vera rakrygga kvinne på. Takk og lov!