Meninger
PÅ BIBELSK GRUNN: Avisa Dagen har kanskje dei beste vedtektene som noko avis kan ha. I desse dagar er det 105 år sidan dei vart vedtekne og dei held seg godt, men eg undrast nok på om dei kunne vore praktisert på ein betre måte i den siste tida, skriv Erling Thu.
Herman Frantzen
Eg er redd at den såkalla kritiske journalistikken har fått for stor plass i Dagen
Avisa Dagen har kanskje dei beste vedtektene som noko avis kan ha. I desse dagar er det 105 år sidan dei vart vedtekne og dei held seg godt, men eg undrast nok på om dei kunne vore praktisert på ein betre måte i den siste tida.
Dei åtte punkta startar med orda: «På bibelsk grunn» og sluttar med «på hel sannhets grunn». Dette er ein god og forpliktande ambisjon som eg trur dei mange gode medarbeidarane i Dagen gjer alt dei kan for å oppfylla.
Eg vil rosa redaktørane og journalistane for mykje godt arbeid i samsvar med dei gode vedtektene. Dei har gjort Dagen til ei svært god og aktuell avis med gode reportasjar, analysar, kommentarar og synspunkt. Eg heiar verkeleg på Dagen og er litt stolt av at eg i si tid også var med i styret.