Meninger
BIBELSKULE HEILE LIVET: Å, kor mange gode bibeltimar eg har hatt i stova, i kjøkenet eller etter vegen, skriv Gudleik Himle.
Tore Hjalmar Sævik
Eg har gått på bibelskule mesteparten av livet
Eg har vore så uendeleg privilegert. Eg har fått gå på bibelskule mesteparten av livet, på ein ambulerande ein. Ein som var på møte, kjøken, der du møtte truande. Folk som lever i Bibelen og Bibelen lever i dei, og oppdagar noko av skattane der. Som får sjå noko inn i nådens ufattelege rikdom. Folk som er kjent med andens fattigdom, og må finna, ja, leita etter rikdom. Som er kjent med åndeleg mørke og funne rikdommar, skattar der midt i mørket, og har erfara Ordet.
Jo, ein vanleg bibelskule er uhyre verdfull, og kan ikkje setjast høgt nok. Denne andre, livslange, er med og fyller ut.
For ein rikdom når du får lytta til den som har smaka og kjent at Herren er god. Når vrangpeisen kan fortelja om sitt svik og nederlag, og kor Herren tok seg av han. Erfaringas bibelskule, det prøvde liv.