Kommentar
Eg har prøvd å underordne meg. Eg fekk det ikkje til
«Dette er nok berre det første de ikkje blir einige om», sa presten som hadde vigselssamtale med oss. Underforstått: Det kom til å kome konfliktar. Prognosane for ekteskapet var visst ikkje dei beste.
Presten syntes det var ein dårleg idé at vi ikkje skulle ha same etternamn. Vi innvende at vi var einige. Brudgommen skulle heite Johansen. Brura skulle heite Fure. Ferdig diskutert.
Det må understrekast at presten er ein kjekk kar, og at vigselssamtalen vart ei god historie. No har vi levd lukkeleg med kvar våre etternamn i 32 år. Kanskje hadde konfliktnivået blitt høgare om brudgommen hadde kravd at begge skulle heite det same.
At eg einsidig skulle underordne meg han, var ikkje ei problemstilling. Vi har underordna oss kvarandre, og det har fungert godt.
I det siste har det gått ein livleg debatt om underordning i Vårt Land. Det har også vore tema i Dagsnytt 18. Det heile vart utløyst av ein kort kommentar av Sofie Braut i Stavanger Aftenblad. I eit intervju fortalde ho korleis ho meiner at mannen skal vere overhovud i familien. Det vekte reaksjonar.
Undervegs har eg lurt på kvifor temaet ikkje vekkjer større engasjement i Dagen, sidan avisa trass alt har eit konservativt grunnsyn. Kvifor ser vi ikkje fleire bruke debattspaltene våre til å utforske argumenta for og mot underordning?
Éin grunn, som kanskje også var tilfelle då sex før ekteskapet var diskutert med stor lidenskap i Vårt Land, kan vere at dette er eitt av desse spørsmåla som det blir lite undervist og snakka om i den konservative leiren, men teke for gitt at folk er samde om.
Så kan det også skuldast at nesten alle som skriv om teologi på debattplass i Dagen er menn. Somme menn meiner gjerne at konklusjonen seier seg sjølv når det gjeld underordning. Og andre kvier seg kanskje for å seie noko om temaet. Det er trass alt ikkje veldig 2022.
Men kva med kvinnene sjølve? Dei som ifølgje Paulus skal underordne seg? Er dei samde? Protesterer dei? Eller dreg dei berre på skuldrene og tenkjer at dette er eit tema som bryt så radikalt med samfunnet elles at det blir umogleg å ta alvorleg? Eg saknar innspel fra høgkyrkjelege kvinner, bedehuskvinner, frikyrkjekvinner og pinsekvinner – og andre kvinnelege Dagen-lesarar.
Og dermed kjem utfordringa som ein rekyl tilbake til meg sjølv.
For kva er akseptabelt å skrive i Dagen, ei teologisk konservativ avis som på leiarplass er mot kvinneleg prestetjeneste – og som støttar hustavletenkinga som underordningsprinsippet er del av? Det lettaste ville vore å ikkje skrive noko som helst. Berre trekkje på skuldrene og tenkje at «dei får no berre halde på».
Sjølv prøvde eg på eit tidspunkt verkeleg å gjere underordningstanken til min. Eg fekk det ikkje til. Under dei mange flotte familieleirane i Ungdom i Oppdrag som vi reiste på då barna var små, var underordning eit tema i samlivsundervisninga. På eit kvinnemøte arrangert av Kristkyrkja i Bergen gjekk eg endåtil til forbøn for å klare å bli ven med tanken på underordning. Det gjekk ikkje bra. Det kolliderte med både integritet og intellekt. Eg klarer ikkje forsone meg med at eg skal vere dømd til eit liv i underordning, berre fordi eg er fødd som kvinne. Det er urimeleg.
Eg klarer ikkje forsone meg med at eg skal vere dømd til eit liv i underordning, berre fordi eg er fødd som kvinne. Det er urimeleg.
Så er livet slik at kvardagen er full av tilpassing og underordning. Vi blir slipte mot kvarandre, må inngå kompromiss, tåle folk vi synest er vanskelege, velge våre kampar, rette oss etter reglar, gjere det sjefen ber oss gjere.
Men det som gjer tanken på orda til Paulus så vanskeleg, er at eg som kvinne einsidig skal underordne meg. (Og ja då, før protestane kjem, så veit eg at Paulus også set krav til mannen, men likevel.)
Eg får det ikkje til å rime med det faktum at Gud har skapt oss i sitt bilete og alle menneske har like stor verdi. For dette skulle jo tilseie at menn og kvinner er likeverdige og skulle vere likestilte. (Og ja då, eg veit at tilhengarane av underordning argumenterer med at det er snakk om komplementære eigenskapar og at kvinna sine eigenskapar ikkje er mindreverdige, men eg får det ikkje til å rime.)
Min arv er sterke, høgrøysta kvinner som tålte kuling og regn. Det er oldemor mi som måtte ro fiske som ungjente, fordi faren og broren kom vekk på sjøen. Det er bestemor mi som drøymde om å få gå på lærarskulen, men som aldri fekk det, fordi ho var jente – og som lova seg sjølv at døtrene skulle få det ho sjølv vart nekta. Det er tanter som viste at kvinner kunne halde på etternamnet sitt og ta utdanning.
Førebileta er kvinnelege misjonærer som reiste ut, tok sjansar og fekk stort ansvar. Det er eit knippe kristne kvinnelege journalistar som har reist Midtausten på kryss og tvers. Og kvinner på flukt som har funne styrke i seg sjølve som dei ikkje visste at dei hadde – rett og slett fordi dei måtte. Eg kjende meg aldri igjen i predikantkoner som sto ved sida av medan mennene talte.
Paulus sa det han sa. Difor går det ikkje an å avvise. Men kva betyr det i praksis? Og kva konsekvensar får det? Eg leiter etter nøklar til å forstå. For eg veit at Gud elskar meg med grenselaus kjærleik, og difor er det utenkjeleg at han laga ei ordning som gjorde at alle hans døtre fekk ein dårleg deal.
Difor er det ei trøyst at den same Paulus som sa at kvinna skal underordne seg ektemannen som under Kristus sjølv, i same setning seier at vi skal vere underordna kvarandre. Og at han også sa «her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje træl eller fri, her er ikkje mann eller kvinne; de er alle eitt i Kristus». Løysinga må ligge ein stad mellom desse bibelversa.
Det eg likevel er sikker på, er at ei streng tolking av rådet om underordning har gjort mykje skade. Det har forma eit kvinnesyn som har gjort at mange kvinner har kjent seg som nest best og andreval. Det har gjort at kvinner har mist frimodigheta. Eg opplever det provoserande når vi har sett misjonsorganisasjoner setje inn kvinner som vikarar i leiarstillingar, medan dei leita etter ein høveleg mann.
Og eg er overtydd om at Berit Hagen Agøy, internasjonal direktør i Mellomkyrkjeleg råd, verkeleg har eit poeng når ho knyter kvinners underordning til kvinneundertrykking og vald, og brukar vald mot kvinner i Kongo som døme. Sjølvsagt meinte Paulus aldri at kvinner skulle undertrykkast. Men vi kan ikkje sjå vekk frå at lang tids feiltolking av orda hans, har ført til nettopp dette.
Kvinneundertrykking er ei synd. På same måte som det er ei synd å undertrykke alle andre grupper av menneskeætta. Og likevel er det så gjennomført i samfunnet, at det gav meining då eg på ein konferanse om kvinnene i den forfølgde kyrkja høyrde ein talar seie at dette er eit resultat av syndefallet. Fordi kvinna freista mannen og baud han eplet, er kvinna blitt møtt med mistru i samfunnet (og kyrkja) i all ettertid.
Dei fleste jenter møter det, før eller sidan: kommentarene, haldningane og handlingane som signaliserer at ho er mindre verd, mindre respektert. Eg vågar å påstå at den som er mann aldri kan forstå omfanget.
Nettopp kjensla av å bli møtt med likeverd og respekt er ein grunn til at mange muslimske kvinner i Midtausten blir tiltrekte av Jesus. I ein kultur der kvinner ofte blir behandla som annanrangs, som eigedommen til mennene i familien og med dårlegare juridisk status, er det revolusjonerande å bli kjend med Jesus som møter kvinner og menn med same kjærleik og respekt.
«Til frihet har Kristus frigjort oss», står det i Galatarbrevet. Då ville det vere ille om ein skulle tolke Guds ord på måtar som gjer kvinners liv tronge.