Meninger
Eg saknar vitnemåla om Jesus
Det plaga han, var ei smerte. Misjonær, forkynnar var han. «Det er så vanskeleg for meg å få avleggja eit personleg vitnemål», sa han i ein samtale. Å, stemmer det? Me som høyrde han, merka at han hadde personleg kjennskap og røynsle med det han forkynte. Det var meir enn teori. Han visste kva han tala om. Maten han gav, hadde han ete. Han vitna ikkje om seg, men om Herren.
Eg har ikkje tal på alle dei vitnemåla som har nådd mitt øyra. Før, då eg var yngre, var det vanleg med vitnemøte på møta. Mange gonger gav dei mest. Dei vitna om det dei hadde fått, det dei hadde fått sjå. Der var ungdommen utan erfaring og dei eldre. Han som trudde ingen hadde det slik som han. Fekk høyra at dei som var eldre hadde dei same kampar som han.
Ikkje sjeldan lydde det: «Så kom det – ordet til meg.» Det var eit ord frå Herren som Heilaganden drog fram for dei i den situasjonen.
Eit vitnemål som ofte gjekk att, ikkje berre frå oss som var unge, men like gjerne frå dei eldre. «Eg er så glad for eg er frelst», og du merka det, det var ikkje eit munnheld. Gleda var der.
Det var ikkje berre på møta fekk du vitnemåla. Når me samtala, kom erfaringa fram.
Personleg veit eg ikkje om eg hadde overlevd som kristen utan å fått høyra dei mange vitnemåla.
Eg har vore innkalla i retten nokre gonger. Der skulle eg vitna, ikkje om kva eg hadde av kjensler, eller meinte. Nei, eg skulle vitna om det som var sett og høyrt. Ikkje om meg sjølv.
Når me et, smakar på maten, kan me fortelja om den smaka eller ikkje. Kokeboka kan fortelja om det skal vera godt, men gjev ikkje smaken.
Personleg veit eg ikkje om eg hadde overlevd som kristen utan å fått høyra dei mange vitnemåla. Jo, gode talar er bra, men det er ekstra godt når du merkjer at dette er meir enn teori.
«Ja, jeg har prøvet å tro på Jesus, og jeg har funnet at det går an.» Å få sjå det som eg i teorien visste. «Tenk, all min synd har Jesus sonet, til sin brud har han meg kronet.» Mi synd er oppgjort, eg er fri. Når dette går opp for hjarta, då får ein lyst til at andre skal få sjå det.
Eg saknar vitnemåla, vitnemøta. Har innleiingane til møte blitt nokre «minipreiker» i staden for enkle vitnemål?
Vitnemåla preikar ikkje om vitnet, men peikar på Jesus. Peikar på korleis han møtte meg. Kva han gav meg.
Nokre av dei vitnemåla som sit best fast, var ikkje dei fint og godt formulerte, ikkje at det er å forakta, langt ifrå. Nei, det var når du merka at Ordet hadde gripe, Jesus hadde blitt stor.