For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Debatt

Ei dyr og demokratisk sårbar valordning

KYRKJEVAL: I tillegg til å spara store utgifter for kyrkja, vil indirekte val truleg også vera ei sikring mot slike «kupp» frå utsida, meiner Dag Sele.
Publisert Sist oppdatert

Den norske kyrkja si valordning er både dyr og sårbar for kuppliknande påverknad frå små grupper. Ei løysing kan vera å innretta oss meir som den store medlemsorganisasjonen me er og mindre som om me framleis var ei statskyrkje. 

Redaktør Magne Lerø i Dagens Perspektiv hadde nyleg eit interessant innlegg i Dagen, der han mellom anna peika på at Den norske kyrkja har mykje å spara økonomisk på å organisera sine val på grunnplanet og deretter ha indirekte val til sentrale organ. Lerø har gode poeng, både når det gjeld innsparingspotensialet i kyrkja si valordning og i det at kyrkja bør samanlikna seg meir med dei store medlemsorganisasjonane enn med ein stat. 

I medlemsorganisasjonar er det, med enkelte variasjonar, dei lokale medlemene som sender representantar til fylkesårsmøta, som deretter vel utsendingar til landsmøte e.l. Det er vel knapt nokon medlemsorganisasjonar som har direkte val blant alle sine medlemer til sine landsmøte eller ting. 

Powered by Labrador CMS