Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Ei grufull, frykteleg lov

Det har vore mykje skrive og endå til demonstrert i seinare tid mot å røra ved abortlova. I det høve har eg nokre merknader.

Publisert Sist oppdatert

Då mor var gravid med min yngste bror, Arne, i 1951 ville legen ho skulle ta abort. Ho var då 42 år. Men ho tok ikkje abort. Takk og lov for det!

Mi svigerdotter Elisabeth som hadde to flotte jenter, vart igjen gravid. Ho gjekk då og fekk tidleg ultralyd. Det viste at fosteret hadde store avvik – manglar. Etter det sa ho: Eg tek i mot det eg får. Kva så? Ho fekk Gabriel, ein velskapt, aktiv, triveleg gut som no er 2 år og 4 månader.

Eg er onkel til ein ung mann med Downs syndrom. Ein varm og god kar som mange er glad i.

For meg er abortlova ei grufull – frykteleg lov. Noreg er eit rikt, godt land med eit godt helsevesen. Dei aller – aller – fleste av oss som bur her har det godt frå vogge til grav. Me har mykje – mykje å vera takksame for. Men med tanke på dei mange tusen små barn i mors mage – skapt i Guds bilde – som ikkje får sjå dagens lys – og som ikkje har stemmerett – ligg det mørke skyer over vårt kjære fedreland.

Då eg for over 60 år sidan gjekk på tre månader kurs på Fjellhaug bibelskule, sa lærar Johannes Torvaldsen dette: «Det ser ut for at Gud har lenger tolmod med ur-heidningen enn når eit samfunn synder frå toppen av (styresmaktene).» Var det ei profetrøyst?

Når styresmaktene gjev ugudelege lovar, som abortlova og ekteskapslova (samkjønna), legg det mørke skyer over nasjonen.

Salme 139, 1b–3 + vers 13–16.

«Herre, du ransakar meg og kjenner meg. Anten eg sit eller står opp, så veit du det. Langt bortanfrå skjønar du min tanke. Anten eg går eller ligg, ser du det, alle mine vegar kjenner du grant.

– Du har skapt nyrene mine, du har forma meg i mors liv. Eg prisar deg fordi eg er verka på underfull vis. Underfulle er dine gjeringar, det veit mi sjel så vel. Mine bein var ikkje dulde for deg då eg vart laga i løyndom, då eg vart laga med slik kunst i djupet av jorda (i mors liv).

Dine augo såg meg då eg berre var eit foster. I di bok vart dei skrivne opp, alle dei dagane som vart fastsette då ikkje ein av dei var komen.»

Powered by Labrador CMS