For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Meninger

TAKK: Denne gongen ynskjer eg å bruke spalteplassen til å hylle deg som er med på å arrangere julemesse, julesal, julebasar eller misjonsmesse, skriv Olav Vestbøstad.

Ei hyllest til julemessekomiteen

Publisert

Denne gongen ynskjer eg å bruke spalteplassen til å hylle deg som er med på å arrangere julemesse, julesal, julebasar eller misjonsmesse. Takk for den store innsatsen du har lagt ned, anten du i år er med for fyrste gong eller har vore med på dette sidan førre tusenåret. Eg vil også hylle deg som har stått på i mange år og som endeleg har fått avløysing i komiteen. Det er deg vel unnt!

Årleg skaffar julemessene titals av millionar kroner i inntekter til kyrkje og misjon. Utan messene ville aktivitetsnivået i kristent arbeid i både inn- og utland vore lågare. Det økonomiske resultatet er ofte det som får mest merksemd når ein snakkar om julemessene.

Det er stas når ein klarar å slå fjorårsresultatet, eller når ein etter mange år endeleg får større netto enn nabobygda. Ein viss grad av konkurranseinstinkt kan vere sunt, men motivasjonen for messene bør vere bør vere noko meir enn pengeinnsamling og nye rekordar.

Powered by Labrador CMS