Debatt
FELLESKRISTEN: Johannes Kleppa reagerer på at preses avfeier den felleskristne erklæringa om kjønn og samliv.
Odd Mehus
Ei kristen erklæring som frontkolliderer med regjeringa sin politikk
Det er ei kjent sak at det i løpet av uhyre kort tid i Vesten har vokse fram ei ny forståing av kjønn og samliv, og her i landet er vi i front på dette området. Det er altså ei ny forståing både når vi ser historisk, teologisk, filosofisk, kulturelt og samfunnsmessig på det.
Like fullt har det nesten over natta vorte slik at den nye forståinga vert framstilt og forstått som sjølvsagt, allmenn og forpliktande. Det har skjedd det vi kallar eit paradigmeskifte både i den rådande teologien og i samfunnet.
Dette har komme svært tydeleg til uttrykk i reaksjonane som har komme på ei felleskristen erklæring om kjønn og samliv.