Kommentar
TRADISJON: Er det at Pride har blitt tradisjon eit argument for radikal politikk i barnehagen?
Terje Pedersen / NTB
Ei modig mor mot kommunalt knefall for Pride
Refleksjonane til småbarnsmora Eden Abraham Paalgard er som eit håpefullt blafrande telys i eit rom der lyset har vore avskrudd altfor lenge.
Klassekampens intervju med småbarnsmora i Groruddalen i Oslo er ei påminning om at kritisk medborgarskap lever i beste velgåande. Paalgard har merka seg at Pride-feiring er innarbeidd i barnehagen der barnet hennar går, utan at det har blitt problematisert.
Paalgard meiner det imidlertid er problematisk, ja til og med unaturleg, at ein interesseorgasjon som driv med påverknadsarbeid på ulike samfunnsarenaer skal setja premissane for formidlinga i ein offentleg barnehage.
Uro over politisering av barnehagen vitnar om prinsipiell tankegang og alminneleg demokratisk instinkt. Dersom dette hadde handla om noko anna enn Pride, hadde det neppe blitt forsidestoff.