Meninger
Ei oppleving i Indonesia
Førre veke deltok eg på misjonskonferansen Link. Link-konferansen er ei årleg hending, arrangert av Norme (Norsk råd for misjon og evangelisering, red. mrk.). Tema for årets konferanse var «Ikke vi eller de, men sammen».
I år 1800 var 99 prosent av alle kristne i verda busette i Europa og Nord-Amerika. Sidan den tid har talet på kristne i Latinamerika, Afrika og Asia auka kraftig.
I 1979 var det omtrent like mange kristne i Europa og Nord-Amerika som det var i resten av verda. Dagens statistikkar syner at omtrent 80 prosent av dei kristne bur i Latinamerika, Afrika og Asia.
Framleis er det diverre alt for vanleg at me kristne i Vesten tenkjer på oss sjølve som ei stormakt og at me har mykje å bidra med. Det er på ei side veldig bra, samtidig kan det også vere ei utfordring for samarbeidsklimaet i den globale kyrkja.
Ei av stemmene på Link-konferansen sa at nordmenn er flinke til å hjelpe. Dersom me kan hjelpe, strekker me oss langt. Å ta mot hjelp eller å innrømme svakheit er langt meir vanskeleg for oss.
Medan gruppesamtalen om dette temaet gjekk rundt bordet der eg sat, kom eg til å tenkje på noko eg opplevde då me budde i Indonesia. Etter at me var ferdige med språkskulen, flytta me ut på landsbygda nord på Sumatra.
Der var det ein liten teologisk høgskule som eg skulle undervise på. Det var stor overgang å flytte dit. Det einaste daude kjøtet me fekk kjøpt på marknaden var av villsvin.
Ville me ringe heim, måtte me køyre i to timar for å kome til ein plass der det var telefonkontakt med omverda. Me meistra det indonesiske nasjonalspråket ganske bra etter eitt år på språkskule. Men at me skulle vere blant dei i landsbyen som snakka indonesisk best, det hadde me ikkje rekna med.
Dei fleste brukte det lokale språket til dagleg, og for mange vaksne og eldre var nasjonalspråket eit språk dei knapt nok forstod.
Kona mi er sjukepleiar, og ein dag vart ho tilkalla for å sjå på ein liten, nyfødd gut. Han var tydeleg sjuk. Augo var heilt gule og guten var slapp. Foreldra hadde tidlegare mista ein gut med same symptoma, og dei var svært bekymra for korleis det skulle gå med den nyfødde.
Det vart bestemt at me skulle ta med oss foreldra og den vesle guten til sjukehus i provinshovudstaden, omtrent 10 timars køyretur unna. Då me kom med guten til sjukehuset, ville dei ikkje ta mot han.
Indonesia har eit system som sikrar gratis helsehjelp for fattige, men denne familien mangla nødvendig dokumentasjon. Far til guten måtte då reisa tilbake til landsbyen for å få dokumentasjon frå landsbysjefen på identitet og at dei var fattige. I tillegg måtte han få lånt pengar frå familien til rom og medisinar på sjukehuset.
Sjølv om helsehjelpa er gratis, må ein likevel betale for rommet og medisinane. Då papir og finansar var i orden, kom han tilbake til storbyen og guten vart lagt inn.
Heldigvis gjekk det bra med guten, og han vart frisk av gulsotten. Som takk for at me hadde stilt opp, fekk me også lov av foreldra å gi guten eit ekstra fornamn.
Nokre år seinare hadde me flytta til provinshovudstaden. Ein dag fekk eg høg feber og vart veldig slapp. Det viste seg at eg hadde fått dengue-feber. Dette er ein tropisk virussjukdom som blir overført gjennom stikk av smitteberande mygg. Eg vart lagt inn på sjukehus og var ganske dårleg.
Nyhenda om sjukdomen min nådde også landsbyen der me hadde budd tidlegare. Denne fattige kvinna tok då med seg borna, gjekk på bussen og reiste til storbyen på sjukebesøk.
Det at ho tok den lange og strabasiøse turen gjorde enormt inntrykk på meg. For meg var det eit døme på at sjølv om me begge visste at liva våre var svært ulike ytre sett, så var me likevel likeverdige. I møte med sjukdom og vanskar blir dei ytre forskjellane borte.
For nokre år sidan var me på familietur tilbake til Indonesia. Då me besøkte landsbyen på Sumatra, vart me invitert heim til denne familien på middag. Glade kunne dei fortelje at det gjekk godt med guten deira. Stolte var dei også over å vise at dei hadde fått råd til å utbetra huset med betonggolv.
Desse tinga kunne me sitje saman på plastmatta på golvet og snakke om under eit måltid. I tillegg til dufter av chili og andre krydder, kunne me kjenne på fellesskapet som knytte oss saman.
Mange ting skilde oss, men rundt gryta med gullfisk og ris var me på like fot. Fellesskapet blir ekstra sterkt når me har ei felles tru og kan sjå kvarandre som like verdifulle for Gud. Sjølv om mykje er ulikt, er me på veg mot same mål.
Sjølv om mykje er ulikt, er me på veg mot same mål.