Leder

SNAKKAR GJERNE UT: Sophie Elise og andre kjendisar snakkar ofte ut om krevjande ting. Skaper det ein ærlegare kultur for oss alle?

Ein ærlegare kristen-kultur?

Vi lever i den personlege forteljinga sine glansdagar. Betyr det at det ærlege kristne vitnesbyrdet har særskilt gode kår i vår tid?

Publisert Sist oppdatert

Dei personlege vitnesbyrda er rundt oss på alle kantar. I dag har ein journalist knapt ei sak om ho ikkje har eit personleg inngang. Eit nytt statsbudsjett er altfor slitsamt om vi ikkje får vita at det ruinerer Rune frå Rakkestad, eller om det gir ein ny vår i Vardø.

Sophie Elise og andre kjendisar har stort sett alltid noko å «snakka ut» om, og det skal vera helst både vera sterkt kjensleladd og til å kjenna seg att i – på ein gong. Dei får som regel fri tilgang til mikrofonen om dei ønskjer og om dei ikkje plent ser så ekte ut til ei kva tid, ønskjer folk likevel at dei skal dela noko som verkar ekte.

I ei slik tid burde døra stå vidopen også for det kristne vitnesbyrdet, og då meiner eg ikkje berre det å gå fram til ein open mikrofon på eit bedehusmøte. Når den personlege forteljinga spelar så stor rolle, må det vel passa som hand i hanske at vi kan seia med salmisten: «I once was lost, but now I'm found»?

Det er mange år sidan eg høyrde predikant og tidlegare Oase-leiar Jens-Petter Jørgensen, snakka om at vi treng ein «ærlighetsteologi» her til lands. Eit slikt omgrep kunne i første omgang tena som eit korrektiv til den «herlighetsteologi»- importen som vart pøst inn i norsk kristenliv utover 80- og 90-talet, med fokus på framgang og personleg suksess.

Er eit glødande og håpsfylt vitnesbyrd blitt til noko vi oppfattar som litt naivt og «enkelt» – også i kristne samanhengar?

«Ærlighetsteologien» kunne også tena som ei justering av tidlegare tiders krav om sjølvutslettande tenestevilje som prega fleire kristne miljø, med ei anna spissformulering, den lutherske «elendighetsteologien». Det eg før tok når eg med Jesus åleine var, fekk gradvis innpass som noko som kunne delast og snakkast om i ulike kristne samanhengar.

Sjelesorg, samtale og livsnær tru vart omgrep som vart tydelegare i kyrkjelydar og fellsskap, og bidrog truleg til meir opne og ærlege samtalar, utan at det er så enkelt å måla slikt.

Kan ein dermed seia at kristne har blitt meir ærlege og fått ein meir livsnær teologi i dag? Med drahjelp frå ein sekulærkultur som favoriserer den personlege forteljinga, kunne det vel tenkjast at alt ligg til rette for det. Men dette er spørsmål det kan vera interessant å grunna litt over.

Det eg i første rekke undrar på, er om kristne berre har tatt ei sekulær utgåve av «open og ærleg» på innlån, utan at vi heilt såg behovet for revisjon og oppdatering til bruk for folk med himmelhåp.

Kva eg meiner med dette? Jau, er det slik at «ærlege forteljingar» berre handlar om det vonde og vanskelege? Er eit glødande og håpsfylt vitnesbyrd blitt til noko vi oppfattar som litt naivt og «enkelt» – også i kristne samanhengar, mens det som verkeleg er uttrykk for noko ærleg tilseier at det må dreia seg om noko problematisk?

I Filipparbrevet gir Paulus ei liste som unekteleg er interessant i lys av moderne mediekvardag. «Alt som er sant, og alt som er ære verdt, alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt om er verdt å akta, ja alt som er til glede og alt som fortener ros, legg vinn på det», skriv Paulus (mi utheving).

Norsk mediekvardag og praten rundt dei tusen middagsbord verkar ofte som ein antitese til Paulus på dette punktet. Eigentleg kan ein sjå litt håpefullt på dette. Det er stort rom for å formidla motkultur inn i denne kulturen. Spørsmålet er: Vil vi det?

For vi kan fort bli litt «Sorry, Paulus, du møter ikkje nyhendekriteria». Oppskrifta hans kan dessutan verka litt i retning av det vi kallar harmoniserande. Viss vi skal ta Filipparbrevets formaning på alvor, verkar vi kanskje litt mindre ærlege?

Når folk «snakkar ut», forventar vi jo at det er det vonde, vanskelege og sårbare som kjem fram, og ikkje plent alt som fortener ære og ros.

Poenget er at vi treng også ein ærlegheitskultur som finn måtar å setja lyd på trua, på alt det sanne, gode, reine og rette, utan at det er kleint og hamnar i kategorien lettvinn glad-kristendom.

Min påstand er at det kan vera minst like vanskeleg å «snakka ut» om det gode i kristenlivet i kvardagen.

Powered by Labrador CMS