Frispark
VELFERDSMODELL: Takka vere den norske velferdsmodellen har vi mindre forskjellar og færre barn i både relativ og absolutt fattigdom i Noreg, enn i andre samanliknbare land, skriv Kjersti Toppe.
Jensen, Oddvar Walle / NTB
Ein barndom for livet
I dag lever om lag 11 prosent av barn i Noreg i familiar under låginntektsgrensa. Utviklinga har lenge gått i feil retning. Regjeringa sin politisk plattform, Hurdalsplattforma, slår fast at «fattigdom skal reduserast, særleg den som gjeld barnefamiliar». Regjeringa vil jamna ut forskjellar i levekår, og hindre at fattigdom går i arv. Derfor har regjeringa dei to siste åra nettopp prioritert barnefamiliar i statsbudsjetta. Det skal vi fortsetje med.
Nyleg tok eg i mot ein rapport ifrå ei ekspertgruppe sett ned av regjeringa. Gruppa hadde fått i mandat å foreslå tiltak for å betre levekåra til barn i fattige familiar, og hindre at fattigdom går i arv. Ekspertgruppa peikar på dei universelle velferdsordningane og har mange forslag, men to hovudtiltak: Meir tilgjengelege barnehagar, og auka barnetrygd. Dei tilrår at barnetrygda blir skattlagt.
Takka vere den norske velferdsmodellen har vi mindre forskjellar og færre barn i både relativ og absolutt fattigdom i Noreg, enn i andre samanliknbare land. Det er mange samfunnsstrukturar som gir moglegheit for gode levekår i Noreg. Det har vore fleire regjeringar opp i gjennom åra som har lova mykje for å redusere fattigdomen, særleg den som rammar barnefamiliar. Men vi har ikkje lykkast. Utviklinga har gått i feil retning.