Debatt

SNART VÅR: La oss komme oss ut og nyte Guds frie natur som vi har så mykje av i dette vakre landet vårt, skriv Hans Reite. Her frå Skeikampen i Gausdal.

Ein dag skal Jesus komme attende og rette opp alt som er gale

Publisert Sist oppdatert

Ved byrjinga av 2023 kan ein spørje seg: Kva vil skje dette året? Vil det bli betre enn dei siste åra som har vore prega av pandemi og dyrtid? Vil krigen i Ukraina fortsette eller vil vi få fred i Europa og resten av verda? Det er lov å håpe, men ein må også vere realistisk. Ein går nok ikkje lettare tider i møte. Der er mørke skyer i horisonten, men ein kan aldri gi opp.

Med over åtte milliardar menneske i verda er dei aller aller fleste snille og ønsker å leve i fred. Der er nok mat til å fø alle om ein deler på godene og dyrkar jorda i staden for å føre krig mot kvarandre.

Ein profet sa det slik ved nyttår: «2023 vil vere eit betre år enn 2022, og det vil vere eit år av tru.» Det er vår von at fleire vil finne trua på Gud gjennom dei vanskar ein møter.

I denne dyrtida er det mange som har problem med å få betalt rekningane sine og å få endane til å møtast. Då kan hende dei vil kneppe hendene sine og be ei stille bønn om hjelp frå Gud.

Vi som er eldre minnest songen av Trygve Bjerkreim som ofte vart spelt i Ønskekonserten i radioen i gamle dagar: «Det er makt i de foldede hender, i seg selv er de svake og små. Men mot allmaktens Gud du dem vender, han har lovet at svar skal du få. Det er svar underveis, engler kommer med bud. Om det drøyer, det fram dog skal nå. For det lovet jo løftenes trofaste Gud: Kall på meg, og du hjelpen skal få!»

La oss gå same vegen som våre forfedrar gjorde på dette sett.

Det som er umogleg for menneska er mogleg for Gud.

Det er mange som tvilar på om det verkeleg er nokon Gud når dei ser på situasjonen i verda i dag med forureining, klimaproblem, uro og vald. Det ser berre ut til å verte verre, og kvar skal det ende?

Bibelen fortel at ein dag vil Jesus komme attende og rette opp alt som er gale. I tusenårsriket vil det verte fred på jorda og naturen vart oppattnya. Til og med mellom dyra vert det fred! Djevelen som skapar krig, vert bunden i tusen år. Det som er umogleg for menneska er mogleg for Gud.

Utanpå FN-bygninga i New York står andre del av skriftstaden i profeten Jesaja 2,4: «Han skal dømma mellom folkeslag og skifta rett for mange folk. Dei skal smi sverda om til plogskjer og spyda til vingardsknivar. Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig.»

La oss vere ved godt mot og sjå lyst på framtida. Det går mot vår og sommar og lysare tider. La oss komme oss ut og nyte Guds frie natur som vi har så mykje av i dette vakre landet vårt. Det er eit mektig skaparverk og vi kan takke Gud for livet som er ei gåve.

Eg les no boka «Risunderet» av Gøsta Øman frå Sverige. Han var predikant og misjonær og opplevde mange under. Mellom anna så vart foten hans momentant lækt etter ei ulykke der beina var heilt avbrotne. I Korea vart ein sekk ris nok til å mette tusen av menneske i ei tid der var hungersnaud.

Måtte dette vere ei oppmuntring til oss i 2023 om at det vil gå bra når vi ber Gud til hjelp. Godt nytt år!

Powered by Labrador CMS