Leder
Ein draum om rettferd for alle Guds barn
«I have a dream», sa Martin Luther King. «Now is the time to make justice a reality for all of God's children», sa han i den velkjende talen han heldt for 200.000 menneske i Washington i 1963.
Den amerikanske pastoren og borgarrettforkjemparen drøymde om rettferd for alle Guds barn.
Det var ein vakker draum. Ein livsviktig draum. Ein tvers igjennom kristeleg draum.
Han drøymde om at dei farga smågutane og småjentene ein dag ville kunne stå hand i hand med kvite smågutar og småjenter, som brør og søstre.
Enno er ikkje målet nådd. Det er langt igjen. Rasismen dukkar stadig fram, sjølv om vi skulle håpa det var tilbakelagt. Men like fullt:
Rettferd for alle Guds barn. Det er det som må vere målet.
Det er ein draum vi som kristenfolk deler – og som vi kan utvide. Ikkje minst på kvinnedagen, ein dag vigd til kamp for rettferd for alle Guds døtre, store som små.
Dette er dagen for å krevje rettferd for enkjer, farlause og flyktningar, ein trio profetar i Det gamle testamentet hadde særskilt omsorg for. Ein dag for å krevje rettferd for alle verdas fattige kvinner som ikkje veit om anna enn slit og strev. Dei som syr klede for luseløn, for eksempel, så vi her til lands kan kjøpe billege nye antrekk til våren.
Det var ein vakker draum. Ein livsviktig draum. Ein tvers igjennom kristeleg draum.
Dette er dagen for å krevje rettferd for alle dei kvinnene som blir dobbelt undertrykte. Dei som blir plaga og trakasserte og diskriminerte både fordi dei er kvinner og fordi dei er kristne. For forfølgjarane veit å slå til der kvinnene er mest sårbare.
Dette er dagen for å krevje rettferd for kvinner som blir pressa inn i uverdige situasjonar verda over. Kvinner som blir lokka med gull og grøne skogar, men som endar i menneskehandel og prostitusjon. Fattige kvinner som blir pressa til å selje kroppen sin i surrogatiindustrien. Som ofrar eiga helse og morsinstinkt, for å brødfø familien.
Og dette er dagen for å krevje rettferd for alle jentene som er offer for det verste brotet på kvinners rettar i verda i dag, nemleg retten til liv.
For stadig blir tusenvis av jenter valde vekk, medan dei enno er i mors liv, berre fordi dei er jenter. Oftast skjer det i land der søner har høgare status og døtrer blir sett på som ei utgift. India har framleis eit unaturleg jenteunderskot blant nyfødde, trass i at kjønnsselektive abortar er forbode.
I Noreg ser ein heldigvis ikkje noko slikt underskot, og jordmødre har ikkje lov å opplyse om kjønn på ultralyd før veke tolv, nettopp for å unngå kjønsseleksjon. Men kven veit kva som skjer av seleksjon seinare likevel, basert på årsaker som sjukdom, diagnosar, kjønn eller andre eigenskapar hos fosteret.
Tidleg ultralydundersøking, blodprøver som kan avdekke avvik og ei mogleg flytting av abortgrensa svekker rettsvernet for det ufødde barnet.
Rettferd for alle Guds barn. Det er det som må vere målet.
Rettferd for dei uønskte jentene og gutane. For dei uvanlege. For dei som ultralydundersøkinga avdekkar er sjuke og vil trenge hjelp.
Den store draumen er at vi som samfunn ein dag må sjå dei ufødde barna. Verkeleg sjå dei.
At vi må kjenne medynk. At sløret som blindar oss, som hindrar oss i å sjå mennesket i det vesle fosteret, skal bli trekt vekk. Så vi ser kva abort eigentleg er snakk om. Og skjønar at vi alle har vore like små. At ingen av oss ville vore her i dag, dersom livstråden vår var blitt kutta då vi var like store.
Men ikkje at vi berre kjenner medynk med barna. At vi forstår situasjonen til mødrene også. Så alle som blir gravide utan å ville det, kan kjenne seg trygge på at det er hjelp å få. At studentmora som ikkje veit si arme råd, får nok stipend, så ho får teke eksamen.
Og at dei som får beskjed om at barnet har ein diagnose, og som sørgjer over at dottera eller sonen ikkje blir slik dei trudde, får god informasjon og blir forsikra om at samfunnet vil stille opp så mykje og lenge det trengst. At tilbod om abort ikkje blir det første dei høyrer, frå helsepersonell som skulle hjelpe.
Martin Luther King drøymde om rettferd for alle Guds barn. Han slo seg ikkje til ro med å drøyme.
Han arbeidde lenge og hardt og klokt for det han trudde på. Slik kan draumar bli røyndom og endre livet til menneske.