| Debatt
Ein livssynsnøytral skule er utopi
ADVENT: Skolegudstjeneste i Sola kirke.
Foto: Alice Tegle
Humanetisk forbund er igjen på krigsstien mot julegudsteneste i skuletida. Dei vil ha ein livssyns nøytral skule. Skulen blei starta av dei kristne for at folket skulle lære om det kristne livssynet – kva som er godt og vondt, rett og galt for oss. Skulen i dag lærer at det humanistiske ateistiske livssynet er det vitskaplege sanne livssynet og at det kristne livssynet er berre ei tru som ikkje kan vitskapleg bevisast.
I 1923 skreiv sosialdemokraten Edvard Bull: «Vi skal gjøre skolen verdslig, likesom sykepleien og begravelsen, ekteskapet og fødselsregistreringen. Vi skal sloss uforsonlig med den bestående offisielle lutherdom, som med andre fordummende sekter. Vi skal ha en pågående og hensynsløs kirkepolitikk, fordi vi mener at religion i og for seg er en privatsak. Barna skal gjøres til sosialister, og det er lærerne som skal gjøre dem til det.»
Edvard Bull hadde ei sterk marxistisk, ateistisk tru. Han trudde at vitskapen snart ville bevise at trua hans er vitskap – sanninga. No har det gått 100 år og framleis er det berre ei ateistisk tru som ikkje er bevist. Sanninga er at ateistane kan ikkje fysisk bevise at Gud ikkje finst og dei kristne kan ikkje fysisk bevise at Gud finst. Slik eg ser det som kristen, er det mest sannsynleg at Gud finst. Dei fleste kristne trur at det er Gud som styrer Darwin si utviklingslære – «intelligent design» - at alt ikkje er tilfeldig.