| Debatt
Ein moderne Barabbas i Det kvite hus
KUPPMAKAR: I sin iver etter å hylla og heia på Trump har dei ikkje forstått at med Trump i Det kvite hus, er alle Guds ti bod sett i spel, skriv Arne Haukås.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
I Norge har kanskje så mange som 90 prosent av kristne avslørt dobbeltmoralen og alt det problematiske som Donald Trump står for. Eg meiner at dei fleste norske kristne har «bestått» ein viktig test, skiljet mellom godt og vondt. Dei vil ikkje støtta «skulegardens bølle», og har avslørt at Trump verken står for reelle kristne verdiar eller har kompetanse til leiarverv verken i eigen familie, i forretningsliv eller i politikken.
Men nokon har latt seg forføra av Trump. Dei mest synlege blant desse er to pensjonistredaktørar i avisa «Norge i dag», og fire karar i partiet «Konservativt». I sin iver etter å hylla og heia på Trump har dei ikkje forstått at med Trump i Det kvite hus, er alle Guds ti bod sett i spel, av ein lovbrytar og kuppmakar, ein moderne «Barabbas». Selle, Moltu, Friis-Larsen og Olufsen-Mehus i Konservativt bør ikkje ha verv i kristenliv, eller få vår stemme i lokal-, fylkes- eller stortingsval.
I Norge skal me nok klara oss igjennom fire år med Donald’en. Verre er situasjonen i USA, særleg for dei mange kristne som har latt seg forføra av løgnene til Trump.