Kommentar
NY DOKUMENTAR: Noman er norsk-pakistanar, muslim og homofil. Han vil finne ut kvifor folk hatar slike som han, og kvifor han framleis skammar seg over den han er.
Veslemøy Hvidsteen / NRK
Ein privilegert programleiars påstand om at han er «lett å hate» lærer oss lite om norsk hat
NRKs nye dokumentar med Noman Mubashir i hovudrolla skal gjera oss klokare på at «folk hater sånne som ham». Men er spreidde utfall frå norske nettroll representative for «folk» her til lands? Ærleg talt, NRK. Dette er tynn suppe.
NRK-profil Noman Mubashir er ein kar eg nesten føler eg kjenner litt, han har vore i ruta i over tjue år. No har han lansert ein personleg dokumentar med tittelen «Lett å hate».
Merkeleg nok skal dei tre episodane heller visa seg å vera eit portrett av ein populær programleiar og er ikkje i nærleiken av å seia noko klokt om «norsk hat» mot minoritetar.
Uklart utgangspunkt