RASANDE: Ein les om at Gud vert rasande. Er dette eit godt ordval, med tanke på det ein forbind med dette ordet? Det gjorde meg vondt å støyta på ordet brukt om den Allmektig, min himmelske Far, skriv Kjell Helland.
Dagen arkiv
Ein rasande Gud?
Israels Gud skulle vore spart for dette attributtet.
Alle språk er heile tida i endring, ord forsvinn og nye kjem til – ein prosess med vinning og tap. Dei av oss som begynner å dra på åra, saknar ord som var levande i barndommen, men som no er vekke.
Ord knytte til tidlegare arbeidsmetodar og reiskapar forsvinn, og nye teknikkar og hjelpemiddel krev andre ord. Dette er ei utvikling som ikkje er til å unngå og ingen kan stansa.
Til ein viss grad er det slik også med ord for sinnsstemningar og kjensler. Stemningane og kjenslene er nok dei same som i tidlegare tider, for menneskehjarta er under alle skiftande omstende det same, men namna på livsovringane kan endra seg litt. Til dømes er ord som sut og fagnad vekke, andre har kome i deira stad.