Ein rasande Gud?
Israels Gud skulle vore spart for dette attributtet.
Alle språk er heile tida i endring, ord forsvinn og nye kjem til – ein prosess med vinning og tap. Dei av oss som begynner å dra på åra, saknar ord som var levande i barndommen, men som no er vekke.
Ord knytte til tidlegare arbeidsmetodar og reiskapar forsvinn, og nye teknikkar og hjelpemiddel krev andre ord. Dette er ei utvikling som ikkje er til å unngå og ingen kan stansa.
Til ein viss grad er det slik også med ord for sinnsstemningar og kjensler. Stemningane og kjenslene er nok dei same som i tidlegare tider, for menneskehjarta er under alle skiftande omstende det same, men namna på livsovringane kan endra seg litt. Til dømes er ord som sut og fagnad vekke, andre har kome i deira stad.
Mellom anna av desse grunnar er det nødvendig å fornya språket i den boka som skal vera for alle i landet vårt, nemleg Bibelen. Ein må forstå det ein les, og språket må kjennast smidig, levande og naturleg for oss som lever no.
At enkelte òg av og til prøver å fornya språket i salmane, er etter mi meining tragisk, sidan ei salme – eller ein song for den del – er eit åndsverk på same måte som eit maleri. Ingen tar penselen fatt og vil «forbetra» eit nasjonalromantisk maleri. Det forstår alle.
På tysk har dei eit eige ord for dette fenomenet å vilja «retta» på eit kunstverk. Ei salme eller eit dikt er ein samanhengande organisme, og eit ord eller formulering som vert retta på av andre enn opphavsmannen, forstyrrar den opphavlege harmoni mellom ord, stemning og innhald.
Arnulf Øverland skreiv ein gong at det var utruleg korleis eit feil ord kunne brenne svart rundt seg, og det har han heilt rett i.
Men tilbake til Bibelen. Etter å ha lese ein del i 2011-utgåva, legg ein merke til enkelte særdeles gode norske omsetjingar av grunnteksten, det er ikkje til å koma ifrå, og rett skal vera rett. Men i dag gjeld det eit ord som etter mi meining – sjølv om eg berre er ein idiot (gr. idiotes = (formelt) ulærd) og ikkje kan rekna med å verta teken det minste omsyn til av dei som styrer med omsetjing – bør skiftast ut ved neste revidering.
Det gjeld ordet «rasande». Ein les om at Gud vert rasande. Er dette eit godt ordval, med tanke på det ein forbind med dette ordet? Det gjorde meg vondt å støyta på ordet brukt om den Allmektig, min himmelske Far.
For ordet talar ikkje berre om ein veldig sterk grad av sinne, men òg om dette å til ein viss grad mista kontrollen over seg sjølv. Det er vondt når eit menneske kjem i denne situasjonen, med muleg overreagering og tap av sjølvkontroll og det det medfører både for han sjølv og andre.
Israels Gud skulle vore spart for dette attributtet.