Debatt
Eg har aldri opplevd Enevald så ærleg og sann
Er det vår forståing at ein kristen leiar berre fortener vår tillit før han har falt?
I forteljinga om Peter si fornekting av Jesus ser eg eit heilt anna syn på «falne» leiarar. Der gjer Jesus det klart at det først er etter sitt fall at Peter kan verte tiltrudd å «fø lamma» og å «gjete sauene»!
«Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine!» (Luk 22,32)
Det var rørande å høyre intervjuet med Enevald Flåten i den fjerde episoden i podkasten «Levende Ords vekst og fall». Der står Enevald fram som så ærleg og sann som eg aldri opplevde han då han var min pastor på Levende Ord. I intervjuet er han ein angrande mann som er brutalt ærleg om sine synder og som ber om tilgjeving. Like inderleg er han i si oppmoding til alle om å halde fast på den første kjærleiken til Jesus.
Det mest nedslåande i det intervjuet var ikkje å høyre om Enevald sitt fall, men om korleis han såg på seg sjølv som Guds tenar etter det fallet:
«Eg e ferdig! Eg tru'kje livet er over, men eg trur innflytelsen, rådene, er der ingen som ve lytta te, fordi du har brote ned ryktet ditt så enormt så det går an å gjør.»
«Eg e ferdig» – for ein grufull dom. Enevald er ikkje den einaste kristne leiar som har falt, og som av både andre og seg sjølv vert rekna som «ferdig». Kvar har vi denne ideen frå om at nokon som har synda er «ferdig»? Tenkjer vi som kristne at vi ikkje kan ha tillit til leiarar som har falle i synd? Kva er det i så fall som gjer at vi tenkjer slik?
Eg tenkjer at det kan ha noko med vårt syn på «syndefallet» i Eden å gjere. Kor ofte har vi ikkje fått fortolka 1. Mosebok 2 – 3 i omtrent desse ordelaga: Gud skapte Edens hage perfekt og feilfri og sette så Adam og Eva til å dyrke og vakte hagen. Men så blei Eva freista av slangen og synda mot Gud. Adam synda òg. Dermed vart dei begge dømde til å forlate Eden og bu i det forbanna landet austanfor for Eden.
Om dette er ei rett fortolking av 1. Mosebok 2 – 3, så er det jo berre logisk at synd skal diskvalifisere leiarar frå stillingar i Guds rike. Det var jo slik Gud gjorde det! Dei leiarane som fell i synd må utvisast frå menighetene og finne seg sekulært arbeid utanfor ein stad. Så må vi tilsette nye leiarar med plettfritt rulleblad!
«Tungt vil eg gjera ditt strevnår du er med barn,med smerte skal du føda.Etter mannen din skal du trå,og han skal herska over deg» (1 Mos 3,16).
Men er det verkeleg det som skjer i Eden? I mi lesing av denne forteljinga vert kvinna gjennom denne prøvinga verkeleg gjort i stand til å vere det ho skulle vere og til å gjere det ho skulle gjere. Ho fekk eit møte med slangen som for all framtid gjorde henne fiendtleg mot han.
Dessutan vart ho gjennom denne hendinga fullstendig klar over kva synd er, og kva det var ho mista då ho fornekta sin Herre og Gud. Det Gud seier til henne er ikkje ein dom, men tvert imot ei understreking og gjentaking av kallet til å elske sin Herre, lyde han, og bere og føde Guds frelse i verda. Ho skal med tida føde frelsaren, «Livet»!
Gud viser henne tillit og tiltrur henne å bli «mor til alle som lever» (1 Mos 3, 20). I mitt hovud betyr det at ho vart sett inn i tenesta igjen.
Guds ord til henne i 1 Mos 3,16 er ein slåande parallell til det Jesus seier til Peter, etter at han fornekta, vende om, og på ny erkjente sin kjærleik til Jesus:
«Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: 'Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?' 'Ja, Herre', svara han, 'du veit at eg har deg kjær.' Jesus seier til han: 'Fø lamma mine!'» (Joh 21,15).
«Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine!» (Luk 22, 31–32).
Å falle i prøvinga er ikkje slutten på ein kristen si teneste i Guds rike. Fallet kan tvert imot vere byrjinga på ei både sannare og sunnare teneste. Det er noko annleis, noko mindre stolt og sjølvsikkert, noko mindre brautande med dei som har opplevd å bli «sikta som kveite» av Satan.
Deira kjærleik til Jesus er ikkje lenger så skråsikker og høg i hatten; den er tvert imot lavmelt, nesten skamfull, som eit skriftemål, som ein stotrande, nesten motvillig innrømming: «Du veit at eg har deg kjær.»
Den Enevald eg høyrde i det intervjuet frå Filippinene var ein mann som hadde vendt om til sin første kjærleik til Jesus, og som i sine siste ord til oss verkeleg kunne «styrke sine brør»!
Måtte vi alle ta til oss hans siste ord. Dei er verkeleg verd å lyttast til, for dei er ord som har overlevd elden.