Debatt

PROFESSOR: Knut Alfsvåg får svar frå Sofie Braut når det gjeld kyrkje-oppbrot.

Eit oppbrot er ikkje «å løpe fram og tilbake over kirkegrensene»

At ein er desperat, betyr ikkje at ein er forvirra.

Publisert Sist oppdatert

Trass at det har vore litt alvorstyngt, dette med oppbrot frå Den norske kyrkja, har eg vondt for å motstå eit høve til humring. Eit slikt høve finn eg i sluttsatsen på Knut Alfsvågs innlegg der han på konstruktivt vis kommenter konklusjonen på serien min «Bryta opp eller bli?»

«Å løpe fram og tilbake over kirkegrensene for kanskje å finne menigheten som passer for meg, har lite for seg», avrundar Alfsvåg. Lat meg i venskapleg ånd byrja med denne.

For eg trur mange med meg er samde om at slik «løping» ikkje er særleg gagnleg. Og eg humrar, for Alfsvåg kunne nytta uttrykksmåten på svært mange andre ting i livet mitt, og det hadde passa betre. «Å løpe fram og tilbake» blir det dessverre litt for mykje av støtt.

Forflytting

Når det gjeld kyrkjemedlemskap, derimot, har eg no, etter heile livet i Den norske kyrkja våga meg på eit ærleg oppgjer, og ein konklusjon. Med det viste det seg å følgja ei forflytting. Det var litt overraskande sjølv for meg.

Noko forvirra og forpusta «løpetur fram og tilbake», er dette likevel ikkje. Ei heller om den endelege destinasjonen for formell medlemskap ikkje er fastsett for min del.

Noko kan eg likevel lova Alfsvåg og andre interesserte. Det vert ikkje noko «løping fram og tilbake». Særleg ikkje tilbake.

Kanskje denne framstillinga av eit slikt oppgjer som ei hovudlaus virring, vil halda andre frå ein nødvendig prosess med å gå i rette med kyrkja? Det er i så fall synd.

At ein er desperat, betyr ikkje at ein er forvirra. Det er tvert om ofte livgjevande å halda seg årvaken og i rørsle.

Heimlaus

Dessutan: Skulle einkvan tru at eg i «heimlaus» legg at eg greier meg ein dag utan kristent fellesskap, må eg også nytta høvet til å korrigera dette. Eg er heilt avhengig av det nære fellesskapet som eg har i heimen, i huskyrkja i nabolaget og i storfellesskapet; forsamlinga der vi går til gudsteneste.

«Heimlaus» er eg no fordi eg manglar ei meir formell tilknyting i det kyrkjelege landskapet.

Poenga til Alfsvåg råkar likevel; det er nettopp dei individualistiske tilsnitta som er akilleshælen ved mitt prosjekt. Min framgangsmåte er litt som når det ved eit skipsforlis blir «kvar mann for seg sjølv».

Eg meiner eg bøter på noko av dette ved å vera open. Med det seier eg at vi generelt bør vera meir opne om den ekstreme situasjonen som oppstår når kyrkjeleiarar går til kvar sin kant, og endrar lære og liturgi på ein måte som gjer at alle andre også berre må vera sin eigen prest og finna si eiga lære.

Fleirvals-teologi

Kyrkja sin fleirvals-teologi byggjer individualisme og implisitt teologisk einsemd inn som «ein del av pakka». Å tru at ein kan stykka opp og fragmentera, men framleis setja på ein etikett der det står «fellesskap», er i beste fall ein overflatisk framgangsmåte. I verste fall er det å halda folk for narr.

I ein slik situasjon trengst open samtale, ikkje berre i form av teologisk debatt i kristenpressa, men også andlet til andlet i kyrkja.

Kva skjer med oss når leiarane ikkje lenger vil visa veg? Kor finn vi reell hjelp i etterfølginga av Jesus? Kor finst fellesskap som ikkje er eit framandgjerande og famlande kompromiss, men ei heilhjarta overgjeving i lag med kristne søsken?

Det er ikkje slik at eg trur dette er noko nytt. Men det at spørsmål har blitt stilt før, betyr ikkje at dei ikkje er brennaktuelle også i dag. Kva generasjon treng ærleg omgang med slike spørsmål.

Fornying og vekking ventar i enden av ein ærleg omgang med dei.

Så er det også ein meiningsskilnad mellom Alfsvåg og underteikna. Sidestillinga av lokale manifestasjonar med den universelle kyrkja, stiller eg meg til dømes spørjande til. Medlemskap i det førstnemnde er skiljet mellom liv og død. Å ha eit lokalt fellesskap er viktig, men på ein annan måte.

Alfsvåg impliserer at eg ved mi handling «gir individualismen enda større rom». Eg er usamd. Ved å trekkja meg ut av kyrkja fordi ho stykkar opp skrift og vedkjenning, bind eg meg til ein tradisjon som stikk djupare enn røtene til den norske folkekyrkja.

Kyrkja som mor

Eg har elles notert at entusiast og teolog William Skolt Grosås. nikkar til meg i eit forfriskande innlegg om «kyrkja som mor». Både dette og Knut Alfsvågs merknader om det å bli verande i kyrkja, gjer at eg gjerne vil leggja eit par ettertankar til.

Grosås vektlegg det marianske motivet i sin artikkel. Han finn interessante parallellar mellom litterære karakterars strev med identiteten og vår problematiske relasjon til kyrkja. Eg følgjer Grosås i mykje av det han skriv, men har ikkje plass til nokon fullskala respons på innlegget hans her.

Sluttsatsen hans vil eg likevel kommentera. «Ingen krever av oss at vi alltid skal like kirken (...). Men det kristne fellesskapet er ikke en organisasjon. Hun er Maria. En mor som vi skal elske» skriv Grosås.

I møte med denne refleksjonen vert det nærliggjande å undra om Den norske kyrkja har gløymt kven ho er? Ei mor som lever i stadig konflikt og på næringsfattig diett, blir til slutt for kraftlaus til å ta vare på eigne barn.

Det finst ein parallell mellom biologiske og åndelege lover, slik Bibelen lærer oss.

Utmelding med datalys og kodebrikke

Eitt av dei implisitte hovudpoenga i mitt oppgjer med kyrkja er nettopp at kyrkja, ved å oppføra seg som «ein organisasjon», til slutt har blitt det. Eg tenkte faktisk på det den dagen eg meldte meg ut.

Eit blått datalys i fjeset og kodebrikka for Bank-ID klar til bruk, sikrar eit instrumentelt, ikkje eit relasjonelt sluttpunkt for kyrkjemedlemskapen. Dette er også eit uttalt mål. «Det skal være enkelt å melde seg inn eller ut av Den norske kirke», som det heiter på kyrkja si heimeside.

Kan ei kyrkje vera avmålt administrativ i eine augneblinken og mariamoderleg i den neste, utan å bli opplevd som rolleforvirra?

Og likevel: Den moderlege Maria-famnen har eg lite erfaring med frå åra i Den norske kyrkja. Det handlar ikkje så mykje om at eg synest eg skulle ha blitt tatt så mykje betre vare på.

Kontrast

For Marias fremste kjenneteikn er eit mjukt, overvelda og overgitt sinn i møte med Herrens tiltale.

At Guds ufattelege veg med henne munnar ut i responsen: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt», er tvert om ein gripande kontrast til moderne teologars endelause endrings- og revisjonsiver når det gjeld skrift og vedkjenning.

Powered by Labrador CMS