Meninger
Eit oppgjer med avvisinga av Jomfru Maria
Fremste kvinna i vår religion vitjar oss to gongar i kyrkjeåret mellom jul og påske; ved kyndelsmess og marimess. Då er det tid for å ta oppgjer med både den feministiske og den radikal-protestantiske avvisinga av henne.
Berre evangelisten Lukas har lengre forteljingar om Maria. Likevel er ho, saman med Pontius Pilatus, einaste mennesket nemnd i trusvedkjenningane. Frå andre kjelder stammar forteljingane som har gitt kyrkja fleire Maria-dagar, m.a. befruktning (8. desember), fødsel (8. september), presentasjon i tempelet (21. november) og innsomning (15. august).
Mange har stua Maria vekk og hentar henne knapt fram til jul. Dette er gjerne resultat av 1500-talets radikale kritikk av Maria-kult som avgudsdyrking. I dag har feministar kritisert det same som seksualfiendtleg patriarkalisme, kvinneundertrykking og mogleg overgrep.
Skrifta lærer oss at Maria er utvald. Guds frelsesplan var ikkje ein kvikk-fix for hjelpelause menneske, men å føde ei ny menneskeslekt, ei som tilhøyrer gudsriket og ikkje menneskeriket. Til det trengde Gud ei kvinne.
Gud gjer Maria til kronvitne på kor høgt han verdset det kvinnelege. Ho vitnar om Guds dom over den kulturen menneska har skapt med maskulin maktbruk, høgrøysta hovmot, vald og våpenbruk. Guds frelsesplan kunne ikkje realiserast utan denne kvinna; audmjuk, rein, mild, trufast, kjærleg, åndeleg sterk. Alt det som den maskuline mannsverda hadde mista.
Gud gjer Maria til kronvitne på kor høgt han verdset det kvinnelege.
Kvifor tok den kristne kyrkja så godt vare på Maria? Kyrkjelæra voks fram som svar på vranglærer. Tidleg på 400-talet vedtok konsilet i Efesos at alle kristne måtte rekne Maria som Guds mor.
’Theotokos’ på gresk, ordrett: ’gudføderske’. Denne tittelen å skulle hjelpe oss å fasthalde at Jesus er både Gud og mann. Dei truande visste at om Jesus Kristus ikkje er Gud, kan han ikkje frelse, og om han ikkje er menneske, kan han ikkje frelse oss.
Heilt frå Elisabeth si tid har det blitt repetert: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv.» Maria sjølv la til at «frå no av skal alle slekter prisa meg sæl». Dei fyrste kristne gjorde det til del av si gudsteneste. Når dei kom saman, prisa dei Maria sæl.
Fornuftig spekulasjon kring jomfrufødsel og avgudsdyrking fører berre i sirklar. Det er på høg tid, for bibeltruskapen si skuld, for kvinnesynet si skuld, for menneska si skuld og for Guds skuld, å hente Maria fram som førebilete i tru, som kvinneideal og som vegvisar for alle som vil følgje Guds vegar. Og å prise henne sæl.