Synspunkt

FAMILIE: Kontantstøtta er viktig og ideologisk, men korleis tar vi innover oss at dei aller fleste foreldre har lyst tilbake til arbeidslivet etter opptil eitt år med permisjon? spør Trude Brosvik.

Eit relevant KrF er eit KrF i endring

KrF må endre seg i takt med verda rundt oss, i uttrykksform, forståing og praktisk politikk. Eit politisk parti som ikkje klarer det, blir opplevd uinteressant og lite relevant

Publisert Sist oppdatert

Dagen viser fram meiningsmålingar frå valet og til no og konkluderer med at leiarvalet ikkje har gitt auka oppslutning.

Det var det vel få som hadde trudd. Der partiet er no, er det berre hard jobbing med både organisasjon og politikk som kan endre oppslutninga. Og når ein som eit lite parti ikkje kan utfordre avgjerder med å vippe eit fleirtal, så blir det veldig vanskeleg å komme på offensiven. Då er det berre intern usemje eller svært harde ord i media som gjer at ein bryt gjennom media-lydmuren.

Det første er ikkje ønskjeleg, men av og til naudsynt. Det andre viser seg å vere vanskeleg for oss, fordi det ikkje står i stil med slik ein forventar stødige KrF-arar skal opptre. Det er nok å minne om reaksjonar i fleng på Bollestad sitt krav om at regjeringa måtte «få rauva i gir».

Som KrF-medlem meiner eg sjølvsagt at vi har svært mykje politikk som er bra for folk og land, og relevant for veljarane. Men vi må samtidig vere ærlege på at vi ikkje er flinke til å endre politiske løysingar i takt med det folk opplever om utfordrande i dagleglivet sitt. Det betyr ikkje at verdigrunnlaget eller ideologien er feil, men at vi ikkje har nok kontakt med samfunnet og vilje til å endre oss i takt med korleis samfunnet endrar seg.

Ta til dømes familiepolitikken. Der har vi høgt truverd, og løysingar som vil gje familien meir mynde til sjølve å bestemme over kvardagen sin. Men vi manglar truverd på at vi verkeleg er for likestilling, og mange av løysingane passar som hand i hanske for gamle familieideal.

Kontantstøtta er viktig og ideologisk, men korleis tar vi innover oss at dei aller fleste foreldre (les mødrer) har lyst tilbake til arbeidslivet etter opptil eitt år med permisjon? Vi veit sjølve at det er valfridomen vi vil heie på. Men utanfrå (og diverre også delvis innanfrå) blir vi ikkje alltid oppfatta slik.

Vi manglar truverd på at vi verkeleg er for likestilling, og mange av løysingane passar som hand i hanske for gamle familieideal.

Dei fleste familiar får ikkje tida med små skuleborn til å gå i hop med ein skule som har rare opningstider som ikkje samsvarar med arbeidsdagen. Då er SFO eit nyttig kompromiss.

Men kva er det som gjer at KrF er «ideologisk» imot heildagsskulen? Som tidlegare mor «på bygda» og avhengig av skuleskyss, hadde vi i realiteten «heildagsskule».

Yngre born, som ikkje hadde 30 timar i veka, hadde gjerne ein heil dag fri. Det fungerte og var føreseieleg, enten ein kjøpte tilsyn eller reduserte stilling den eine dagen.

Eg trur vi kan finne saman med mange gode krefter i å slå fast at arbeidslinja ikkje skal trumfe borna sine behov. Men også vi må ta inn over oss at det stadig blir behov for at fleire i arbeidsfør alder er i fullt arbeid, for at velferdssamfunnet skal gå rundt.

Sidan KrF har så stort truverd på familiepolitikk, så trur eg det er der vi må sjå på korleis vi kan vere tidsriktige og levere det folk spør etter av tilrettelegging. I den grad vi treng ideologisk tilnærming til det, så er det for å vaske ut gammal tankegang kring kjønnsroller og likestilling. Og også om at nokre familiar er «rettare» enn andre.

KrF må endre seg i takt med verda rundt oss, i uttrykksform, forståing og praktisk politikk. Eit politisk parti som ikkje klarer det, blir opplevd uinteressant og lite relevant. Det er eigentleg oppskrifta på vidare nedgang.

Powered by Labrador CMS