Ekman og Halldorf - katolisisme og katolsk

Halldorf skriv reint formelt og held seg på yttersida av saka ved han at ikkje tek opp eit einaste lærespørsmål, skriv Johannes Kleppa

Publisert Sist oppdatert

Det mest på­fal­lan­de ved Ulf Ek­mans kon­ver­te­ring til Den ro­mersk-ka­tols­ke kyr­kja er kan­skje at han grunn­gjev dette i den krist­ne ein­ska­pen.

Han legg då ein­ska­pen i denne kyr­kja. Det er ein un­der­leg tanke, sjølv om han er tvers gjen­nom ka­tolsk. Denne kyr­kja for­står seg sjølv som «mo­der­kyr­kja», og der har no Ekman funne sin plass.

Denne ka­tols­ke tanke­gan­gen er ei sterk til­sni­king i høve til rea­li­te­ta­ne av to grun­nar.

For det førs­te tek det ikkje på alvor at det er den sanne læra som ska­per ein­skap. Då må ein kunna visa ut frå Skrif­ta at det er den ka­tols­ke kyr­kja som har denne læra.

For det andre ser ein bort frå det fak­tu­met at denne kyr­kja ikkje re­pre­sen­te­rer nokon his­to­risk ein­skap. Like frå apos­tel­tida har det vore ulike kyr­kjer og kyr­kje­le­ge ret­nin­gar.

Dei kyr­kje­ne som i old­kyr­kja vende seg aust­over mot Kina, av­veik på ulike måtar frå kyr­kje­ne elles. Der­et­ter var det nokså kvas­se teo­lo­gis­ke stri­dar fram­over til vi fekk det en­de­le­ge skil­je på 1000-ta­let mel­lom den or­to­dok­se kyr­kja og (den ka­tols­ke) kyr­kja i vest.

Etter det kom re­for­ma­sjo­nen på 1500-ta­let som ville dra dei teo­lo­gis­ke li­ne­ne til­ba­ke til old­kyr­kja, men som vart for­dømd av pave­kyr­kja.

Den ro­mersk-ka­tols­ke kyr­kja har teke kon­se­kven­sa­ne av dette ved å ha ei teo­lo­gisk sett lukka natt­verd­bord.

Ulf Ekman har slut­ta seg til den ten­kin­ga som her er i ka­to­li­sis­men, sjølv om det er vans­ke­leg å for­stå at det er mog­leg for man­nen å endra så total teo­lo­gis­ke heil­skaps­ten­king som han må, frå trus­teo­lo­gi til ro­mersk-ka­tolsk lære.

Pinse­ven­nen Peter Hall­dorf er også opp­te­ken med det ka­tols­ke, men kan­skje mest av det old­kyr­kje­le­ge.

Han hadde i Dagen 17. d.m. ein pa­ra­dok­salt nok både tanke­vek­kan­de og tanke­tom kro­nikk.

Han er opp­te­ken med at ordet «ka­tolsk» betyr «all­menn», slik det står i tred­je trus­ar­tik­kel. Det er kor­rekt, men det er meir for­vir­ran­de enn opp­ly­san­de når dette vert brukt i sam­band med for­hol­det til den ro­mersk-ka­tols­ke kyr­kja.

I siste høvet står ka­tolsk for ei be­stemt lære, slik denne er ned­felt i ro­mersk-ka­tols­ke ved­kjen­ning.

Hall­dorf skriv reint for­melt og held seg på yt­ter­sida av saka ved han at ikkje tek opp eit ein­as­te lære­spør­små. Difor er ar­tik­ke­len hans utan sub­stans, og slik sett tanke­tom lære­mes­sig sett.

No er det slik at alle kyr­kje­sam­funn har med seg den grunn­leg­gjan­de lære­sub­stan­sen frå old­kyr­kja gjen­nom dei tre ved­kjen­nin­ga­ne som vart ut­for­ma då.

Det som skil ka­to­li­sis­men frå old­kyr­kja og det ka­tols­ke i ty­din­ga all­menn­kris­te­le­ge, er den læra som denne kyr­kja ut­vik­la ut gjen­nom mel­lom­al­de­ren, og som gjer denne kyr­kja til eit eige - og ikkje eit sam­lan­de - kyr­kje­sam­funn.

Ved at Hall­dorf ikkje går inn i lære­spørs­mål som han mei­ner skal verta til ein «evan­ge­lisk ka­to­li­si­tet», går han uta­nom pro­ble­ma og uta­nom saka, og det er berre til ån­de­leg for­vir­ring - same kor fromt det måtte høy­rast ut.

DAGEN

Powered by Labrador CMS