Debatt

ELDREKRAV: Frå Eldrekonvensjonen si markering i 2017 utanfor Stortinget mot likegyldigheit i eldreomsorga.

Eldreomsorg i kommunen i vanskar

Publisert Sist oppdatert

I det siste har vi hatt fleire som har stått fram i lokalpressa med si historie om vanskane dei har hatt for å finne løysing for sine eldre. Det er på ingen måte overraskande at det kjem saker til overflata som ikkje er tilfredsstillande løyst. Er utfordringane store no – så er vi truleg berre i starten på det som vi alle står framfor. No er det rett før dei store etterkrigskulla kjem i «voksen» alder.

Synet på kva som var god eldreomsorg har variert mykje heilt opp til våre dagar. Historisk var eldreomsorga eit privat ansvar der familien stod for omsorga. Etter kvart har vi hatt eit offentleg engasjement innan denne omsorga i kombinasjon med til dels stor familiær innsats for eldre familiemedlemmer.

OLE G. STEEN: Kommunestyrerepresentant for Partiet de Kristne i Ålesund.

Dei siste 50 åra har vi hatt ein sterk auke i offentlege helse- og omsorgstenester. Fleire og fleire har lenge hatt ein uro over at med talet på eldre på veg inn i pensjonisttilværet, så ville denne ordninga neppe vere berekraftig økonomisk.

Utfordringa rundt eldreomsorga er det mange av oss som har sett måtte bli ei utfordring med mindre den oppnådde ei klar prioritering. Fleirtalet i kommunestyret har så langt ikkje vore klare på dette standpunktet. Altfor lenge har fleirtalet valt å bruke pengar på det som det er kjekt å bruke pengar på.

Dei som arbeider i systemet gjer så godt dei kan og heilt sikkert meir enn det og.

Store deler av opposisjonen har vore klare på kva prioritering kommunestyret burde gjere og har røysta deretter. Vi har vore klare på at talet på sjukeheimsplassar i Ålesund kommune måtte haldast oppe til alternative buløysingar var på plass. Dette vart nedstemt.

Nokre av oss har ikkje forstått at eldre som i dag har behov for sjukeheimsplass, skal klare seg med lågare pleiebehov og auka bruk av heimesjukepleie som er innom eit kort augneblink nokre gonger i løpet av døgnet. Hugs, dei er alt i behov for sjukeheimsplass. Vi er klar over at dei som arbeider i systemet gjer så godt dei kan og heilt sikkert meir enn det og. Her står vi overfor eit organiseringsproblem i kombinasjon med eit økonomisk uføre.

Framover blir det no færre yrkesaktive som skal ta seg av ein sterkt auka aldrande gruppe eldre. Dette skjer som ein følgje av at både mor og far skulle ut i arbeidslivet og då er det offentlege som stå for aldersomsorga, og dei ser at dette vil ikkje lenger henge i hop økonomisk.

Mi utfordringa blir derfor: Det offentlege, og i dette tilfellet kommunen, må no prioritere primæroppgåvene sine som er m.a. eldreomsorg. Vi må droppe mange av kjekt å halde på med-oppgåver og begynne å fokusere på som sagt eldreomsorg, barn og unge – skole og opplæring. I tillegg har kommunen nokre oppgåver i tillegg som dei har ansvar for.

PDK vil at vi må prioritere hjelp til eldre ut frå behov og leggje til rette for eit samarbeid mellom private og offentlege innan eldreomsorga.

Det er og å undrast over resonnementet, når ein er ordførarkandidat og røysta for å leggje ned sjukeheimsplassar i stor stil. Skal støtta då komme frå veljarane?

Powered by Labrador CMS