Kommentar

Skuespiller Filip Stav er både Olav den hellige og Magnus Lagabøte i forestillingen.

Endeleg nokon som vågar å snakka profetisk til landet vårt

Noko rører på seg i Kristen-Noreg. Det handlar om tre bøker og ei framsyning som spring ut av ei lågmælt bøne- og vekkingsrørsle. Og om kjærleik til landet.

Publisert Sist oppdatert

Vi skriv 2024. I fleire debattar enn eg har oversikt over, er ei slik kjensgjerning brukt som eit argument for å leggja det gamle bak oss. Gamle synsmåtar, verdiar og tankesett, særleg med kristent forteikn, høyrer ifølgje denne argumentasjonen «sjølvsagt» heime på historias skraphaug.

Dette er heilt i tråd med det C.S. Lewis i si tid omtala som «kronologisk snobberi». At det nyaste liksom har ein sjølvsagt forrang fordi det er nytt. Mange ser, slik Lewis såg, at dette er syltynt. Likevel dukkar det stadig opp som kronargument i viktige samfunnsdebattar.

Fortrengt historie

Gjengen som no reiser på Noregsturne med framsyninga «Det første i vår lov …»ser ut til å tenkja heilt motsett. Vi skriv trass alt 2024, handlar for dei om å sjå seg tilbake med takk, og henta fram verdiar og element i historia som ofte har blitt fortrengde.

Som forfattar Ole Petter Erlandsen påpeikte i ein epilog til førestillinga: «I min historiebok på skolen ble kristenretten avspist med en enkelt setning: Vi vet ikke noe mer om de lovene Olav ga

Dei er heilt opne på at dette er noregshistorie sett med «troens øye». Eg såg framsyninga i helga, på Fredheim Arena ved Sandnes. Heilt ærleg var eg litt spent på oppmøtet. Det manglar ikkje nett på tilbod i området, og konfirmasjonssesongen er i gong. Ein laurdag klokka 18, kor godt passar det med ei «framsyning» då i grunn?

Stappfullt

Men det såg ut til å passa heilt perfekt. Då klokka slo, var det stappfullt pluss ekstra stolrekker. Mellom 450 og 500 hadde sett av eit par timar. Kvelden før hadde dei hatt tilsvarande fullt i Kristiansand. Deretter gjekk turen vidare nordover, til Trondheim og så til fleire framsyningar i vår nordlegaste landsdel. Ei storsatsing, med ordentleg turne, frå sør til nord.

KONGE PÅ KNE: Olav den heilage, spela av Filip Stav i førestillinga «Det første i vår lov …» som i desse dagar er på noregsturne.

To kongar og ein bondeson

Framsyninga har tre hovuddelar. I den første møter vi Filip Stav i rolla som Olav Haraldsson, i den neste speler same mann Magnus Lagabøte. Stav står fram som ein sterk formidlar i begge roller. Det krev sin mann å dra slike innhaldsrike monologar med den intensitet som krevst, men Stav lukkast. Her er patos, men også evne til å halda patosen passeleg i sjakk. Dermed vert det ikkje sentimentalt.

Anmeldt/forestilling

Framsyninga «Det første i vår lov …- Bønnen som fødte vår nasjon og loven som bygde den»

Kombinert markering av Kristenretten 1000 år/ Magnus Lagabøtes Landslov 750 år/ Hans Nielsen Hauge 200 år.

Musikalsk ansvarleg: Arild Stav. Manus: Sara Lepsøe, Prosjektleiar: Håvard Sand.

I rollene: Filip Stav og Alv Magnus

Musikarar: Ketil Henriksen, Per Kjetil Farstad, Lasse Guldbrandsen, Anette Mortensen (song).

Arrangør: Himmelske toner saman med ei rad kristne organisasjonar.

Del tre har Alv Magnus i hovudrolla. I ein kraftprestasjon av ein monolog, samanfattar han Hans Nilsen Hauges liv i form av eit tilbakeblikk frå den aldrande Hauge. Det er ein sterk augneblink når Hauge tek fram og tenner eit stearinlys for å minnast korleis han viste dei som kom til fengselsgluggen hans at trua sin flamme framleis brann i han. Myndigheitene hadde som kjent gjort kva dei kunne for å sløkkja han.

Det ein blir minna om i denne framsyninga er ikkje fred og ro, men lengten etter eit heilt anna perspektiv og innsteg

Musikk og multimedia

Framsyninga vert kløktig og sterkt vove saman av levande musikk og multimedieinnslag på skjerm. Både den gamle opphavleg keltiske «Deg å få skoda», Hauges omvendingssalme «Jesus, din søte forening å smake» og Blix’ mektige fedrelandssalme finn sin naturlege plass her. Mellom mykje anna vakkert.

Trass all historieformidlinga, det er noko ved dette prosjektet som kjennest som noko friskt. Det treffer ein nerve.

Det er lett å tenkja at dagens konflikttrøytte kristne berre vil ha fred og ro. Det har sett ut som ein underforstått del av utviklinga i Den norske kyrkja i alle fall, kanskje også i konfliktar knytt til organisasjonane.

Aktiverer kristen radikalitet

Det ein blir minna om i denne framsyninga er ikkje lengten etter fred og ro, men derimot etter eit heilt anna perspektiv og innsteg. Ei frimodig framstilling av kva kristenarven har tilført samfunnet vårt, for eksempel. Ein radikalitet som vi ikkje hentar frå tanken om å finna opp noko nytt, men som blir aktivert når vi granskar dei djupe spora som kristne har sett før oss.

Skodespelar Filip Stav framstiller Olav Haraldson, seinare «Heilag Olav» og Magnus Lagabøte som to gudfryktige menn, menn som ikkje berre såg det som strategisk for kongsmakta å lena seg på ei monoteistisk gudelære, men som var gripne av Kvitekrist og det han lærte.

Viss bedehusteater er eit omgrep, er Alv Magnus denne scenekunstens grand old man

Alv Magnus gestalta på si side bondesonen og reformatoren Hans Nielsen Hauge som ein sårbar men djupt overtydd mann i si samtid, mange hundreår etter.

HAUGES LYS: Alv Magnus i rolla som Hans Nielsen Hauge.

Viss bedehusteater er eit omgrep, er Alv Magnus denne scenekunstens grand old man. Her møter omvendingsforkynnarens inderlege appell skodespelarens innlevingskunst og empati.

Hauge høyrer heime i denne lange linja, det er han som er bindeleddet mellom dei gamle kongane som verka i dunkle tider, og oss.

«En mann forandret Norge»

Ei nøkkelsetning har vore som ei leiestjerne for heile dette prosjektet gjennom mange år er denne: «En mann forandret Norge». Det sette dei involverte på sporet av arven etter Heilag Olav. Og som historikar Karsten Alnæs sa det: «Det er bare om to personer man kan si at de forandret Norge: Olav Haraldson og Hans Nielsen Hauge».

Kritiske røyster vil truleg innvenda at denne historieforteljinga er forenklande. Dei oppskriftsmessige innvendingane er sekulære klisjear: Dette er ukritisk nasjonalromantikk. Synet på kristningskongane er naivt. Her manglar kompleksitet.

Kritiske røyster vil truleg innvenda at denne historieforteljinga er forenklande.

Men ein slik kritikk går glipp av den krafta som ligg i det vågestykket som heiter tru. Når Håvard Sand i avrundinga peikar på at framsyninga ikkje berre opererer i det historiske, men også i det profetiske, må ein rosa han for eit mot vi har sett lite av i mange kristne miljø dei seinare åra.

STAPPFULLT: Prosjektleiar Håvard Sand (t.v.) kunne gleda seg over å fylla Fredheim Arena ved Sandnes. I Bakgrunnen forfattar Ole Petter Erlandsen, som også bidrog i framsyninga.

Profetisk uforsiktigheit

Vi kan kanskje kan kalla det «profetisk uforsiktigheit». Det dei gjer med sin uvanlege kombinasjon av scenekunst, oppbyggingsmøte og folkeopplysning er interessant.

I staden for å klaga over eit at eit «sekulært narrativ» dominerer, inviterer dei til å oppdaga at det er kraft i kristen historieforteljing. Dei gjer det med bravur. Utan å vera livredde for ikkje å falla i smak hos ein eller annan kulturelite.

Ei slik framsyning, saman med gjennomarbeidd litteratur om Hauge, kristentru og kristenretten, og dessutan bidrag til ei nasjonal bønnerørsle, vitnar om eit miljø som verkeleg tek eigarskap til årets viktige markeringar. Det vil tilføra energi i mange kristne miljø.

For også konflikttrøytte kristne treng truleg noko anna enn fred og ro. Kanskje heller det misjonær Asbjørn Aavik kalla «hellig uro». Førestillinga «Det første i vår lov …» bidreg til nettopp det. Den minner oss om at å vera kristen er å vera del av store ringverknader som ikkje berre bølgjer fram, men som er sett til å prega historia djupt.

Powered by Labrador CMS