Debatt
SAMLIVSETIKK: Det er eit press i tida på kva som er rett, skriv Johannes Kleppa. Her frå gudsteneste i Betel, Trondheim hausten 2022.
Eivind Tveter
Endra syn «i hjertene»
For litt sidan hevda Andreas Masvie i Dagen at det skjer ei liberalisering i etikken, og då spesifikt i samlivs- og ekteskapsetikken, i kristenfolket. Det har lenge skjedd i Den norske kyrkja, men no skjer det på eit breiare plan, inklusivt i frikyrkjene. Sjølv om dette ikkje har komme fullt ut til syne, meiner Masvie at det har skjedd ei endring av syn «i hjertene».
Det er vanskeleg å vurdera kor store endringar det er, så lenge det ikkje har komme til overflata. Samstundes er det eit faktum at fleire av frikyrkjene, både av luthersk og ikkje-luthersk karakter, har vore gjennom omfattande drøftingar av samlivsetikken, og det er sentrale folk i ulike samanhengar som ope har gått inn for det nye og liberale synet med tanke på homoseksuelt samliv og samkjønna ekteskap.
Tarjei Gilje, som er godt orientert, har hevda at det nye synet ikkje har så stor oppslutnad som ein kan få inntrykk av. Det er relativt få personar og forsamlingar som får uproporsjonalt mykje oppslag i media. Ut frå den organisatoriske behandlinga i ansvarlege organ i dei ulike kyrkjesamfunna, har han truleg rett i det, i alle fall formelt sett.