Frispark
ENERGI FRA HAVET: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) under en pressekonferanse om havvind i Marmorhallen i Oslo i november i fjor.
Lise Åserud / NTB
Energien tømest – stearinlys i sikte
Det blir meir og meir behov for energi, men det blir mindre og mindre av han. Det blir meir og meir folk i verda, nye motorar og meir maskineri av alt slag utandørs, nye kontaktar og alt slag apparatur innandørs. Dersom me då skal gjera slutt på bruk av den energien som monnar – olje og gass – og på toppen sende den elektriske straumen vår til havs, blir det smått stell i norske heimar. Den attverande straumen blir uhyggeleg dyr.
Bilparken skal òg bli elektrisk, og det vil krevja endå meir straum. Blir det nok snø og regn i høgfjellet, skal mykje av vasskrafta sendast i kablar til utlandet. Ny vindkraft er heller ikkje gratis, og er attpåtil ei plage for folk på land. Og det me skal leva av – noko mystisk og ressurskrevjande dei kallar «grøn industri» – må subsidierast dugeleg før me til slutt vert lukkelege, miljøbevisste verdsborgarar …
På 1960-talet hadde eg eit skuleår som avgangselev ved Fullerton Union High School, midt i det velutvikla Orange County i Sør-California. Det var stas. Tankar og lærdom for livet. Lesing og språk, historie og modernitet, åndeleg kveik og kyrkjeliv, idrett og strandkos, med Hollywood og Beach Boys like rundt svingen. Høg levestandard. Nok energi til alle.