Frispark

ORDBOK: Språkrådet prøver stundom å hjelpe næringslivet, byråkratiet og folk flest med kampanjar for eit enklare språk. Det viser seg at det er eit fåtal av bedrifter og familiar som eig ei ordliste, og langt mindre ei ordbok, skriv Hallgrim Berg.

Enkelt språk – med og utan fjørpynt

Publisert Sist oppdatert

Då eg var ny student i 1965, var det ein gluping som gav ut ei eiga «avis» på Blindern. Ho kom som stensil, i uøkonomisk store opplag.

Desse flaka var spreidde på kvar ein lesesal og på kvart eit kaffirom over heile universitetsområdet. «Leidang» var namnet. Produktet var leseverdig, med mange skarpskodde artiklar.

Det inneheldt formuleringar som beit seg fast. Til dømes denne overskrifta: «Man bygger ikke bro mellom katedralen og inferno.»

Men redaktøren hadde eit lyte: Overdriven bruk av framandord. Som skribent var han noko av ein språkleg jålebukk; han ville imponere med akademiske ord og uttrykk han nettopp hadde lært seg.

Til dømes, i opninga av ein artikkel om toleranse, skreiv han: «Toleranse er et integrerende element i samfunnets kontemporære fysiognomi.»

Eller like eins om kjøpepress: «Kjøpepress er et integrerende element i samfunnets kontemporære fysiognomi.» – Han elska desse orda, men kunne ha sagt det same på ein enklare måte: I dagens samfunn er det kjøpepress.

Om ein har folkeskule, framhaldsskule, realskule eller gymnas bak seg, eller vidaregåande i dag, møter me altfor ofte innfløkt språk. Det gjeld både i offentlege skjema og skriv, og i alle slags bruksrettleiingar ein får med når ein kjøper elektriske apparat, bil eller anna maskineri.

Reint ille er instruksjonsbøker som er omsette frå utanlandsk med overforklaring av funksjonar og eit mylder av uforståelege forkortingar. Då hjelper det ikkje med høgskule og fakultet.

Språkrådet prøver stundom å hjelpe næringslivet, byråkratiet og folk flest med kampanjar for eit enklare språk, og det kan sikkert vera til hjelp – for dei som vil hjelpast. Men det viser seg at det er eit fåtal av bedrifter og familiar som eig ei ordliste, og langt mindre ei ordbok.

Nyleg las me ein artikkel i Klassekampen – avisa for vanlege arbeidsfolk – skrive av den aktive presten og feministen Gyrid Gunnes. Emnet var «Sex, makt og moral». Eg las med store augo.

Der skriv ho at «vi trenger en feministisk optikk for utforming av kristen seksualetikk». Ikkje heilt enkelt å skjøne, kanskje, men så legg ho forklarande til:

Om ein har folkeskule, framhaldsskule, realskule eller gymnas bak seg, eller vidaregåande i dag, møter me altfor ofte innfløkt språk.

«Dette innebærer å anse at problemet handler ikke om seksuelle relasjoner utenfor det heterofile monogame ekteskapet, men en kjønnet og illegitim maktutøvelse i strukturelt assymetriske relasjoner.»

Akkurat ja! Der sa ho det! At me ikkje hadde innsett dette før? Eg las høgt for kona, og me var snart samde om korleis den mannevonde presten skulle tolkast.

Etter berre nokre veker går no ekteskapet endå betre, etter at eg har skaffa meg legitimert feministisk kjønnsattest på å vera ein maktperson som er utøvande, seksualstrukturelt monogam, nesten monofil, men likevel kristenetisk og dugeleg assymetrisk i dei fleste optiske relasjonar.

Powered by Labrador CMS