Debatt

Lars Gaute Jøssang på Misjonssambandets generalforsamling: N/A

Er alt så opplagt, Aambø Østby?

Publisert Sist oppdatert

Med misjonærbakgrunn frå Etiopia og som HR-rådgjevar og doktorgradsstipendiat innafor organisasjon og leiing, skulle Bjørg Aambø Østby ha gode føresetnader for å stilla rett diagnose på Misjonssambandet.

Det som mest av alt minner om eit generaloppgjer tyder i alle fall på høge ambisjonar (Dagen 23.05.24). I ein kommentar peika eg likevel på utfordrande sider med framstillinga hennar (og for så vidt andre sine bidrag) (Dagen 12.06.24).

Men så vel ankepunkta, som vurderingane og tilrådingane tilbakeviser ho (Dagen 10.09.24). Eg fornektar, bagatelliserer og tek ikkje ansvar. Til desse unyanserte skuldingane må eg få knyta nokre kommentarar.

Eg oppfatta det fyrste innlegget til Aambø Østby som ei framstilling med nærast vitskaplege pretensjonar. Og like fullt – med det einsidige personfokuset lausrive frå kontekst, blei resultatet etter mitt skjøn ei ujamn og lite balansert framstilling.

Så vidt eg kan sjå kjem ho heller ikkje i den siste kommentaren til rette med konteksten. Fører det metodiske grepet galt av stad, er ikkje meir empiri nødvendigvis botemiddelet.

Av nytta kjelder viser ho mellom anna til to kritiske rapportar frå kontrollkomiteen. Samstundes er det påfallande at rapporten frå det uavhengige varslingsutvalet som hovudstyret sette ned ikkje er nemnt.

Det skulle spesielt sjå på varselhandteringa og handsaminga av «kompliserte personalsaker med stor betydning for de involverte». At sakene langt på veg var dei same som kontrollkomiteen hadde sett på, blei også presisert (Dagen 27.08.21).

Eg har ikkje lese rapporten, men kjenner funna frå den kristne dagspressa. Varslingsutvalet slo fast at generalsekretæren «gjennomgående (hadde) behandlet sakene på en forsvarlig måte, uten vesentlige avvik fra de krav som gjelder» (Dagen 27.08.21).

Denne positive vurderinga står i skarp kontrast både til kontrollkomiteen sine funn og Aambø Østby sine påstandar. I og med at ho byggjer mykje av argumentasjonen sin på systemsvikt og manglande «profesjonalitet», får ho i det minste eit problem når dette blir avvist.

Når ho omtrent ser «alt» frå klagarane, kritikarane og varslarane sin synsstad, er det lett å oversjå relevante moment. Som hovudstyremedlem, og ikkje minst som formann, fekk eg eit realistisk inntrykk av kor innfløkte og vanskelege somme saker kunne vera. At leiinga kunne ha gode grunnar for å tenka, meina og handla som den gjorde, burde ho ha spandert ein refleksjon og to på.

Skuffa over manglande gjennomslag, kunne reaksjonen stundom ta meir og mindre organiserte former. Når eg i mitt førre innlegg tala om medieaktivisme og skuggeregjering, hadde eg dette for auga.

Men slike tankar finn Aambø Østby «så urimelige at de er vanskelige å ta alvorlig». Ut frå si lukka tilnærming blir også eit overordna teoretisk omgrep som offermakt ubrukeleg (Vårt Land 30.04 og 08.05.24).

Eit strukturorientert innsteg av denne typen betyr på ingen måte at folk sine opplevingar, erfaringar og meiningar skal nullast ut. Mykje heller er poenget at dei subjektive elementa må relaterast til den større og meir «objektive» strukturen sakene høyrer heime i.

Eit hovudsynspunkt hjå Aambø Østby er at eg skuggar unna «uretten» eg er ansvarleg for. Med det for auga prøver eg å svekka truverdet hennar, eg kritiserer mediebruken, eg er mot HMS og fagforeininga og, med Bibelen i hand, devaluerer eg betydninga av lovar og regelverk.

Så vidt eg kan sjå er ho fanga i dikotomien «helt-skurk», og kjem ikkje vidare.

Det er også ein avleiingsmanøver å tala om skatten og leirkaret, for ikkje å snakka om det bibelske idealet om å bera over med veikskapane, og i åndeleg meining, vaska føtene til kvarandre. Eg kan berre konstatera at tolkingane hennar er like unyanserte og einsidige som det biletet ho elles rullar opp.

Kanskje det som stikk mest er påstanden om at eg lurte delegatane til å stemma «feil» på generalforsamlinga i 2022. Som ordinær utsending nytta eg rettane som ligg til denne funksjonen.

Utsendingane hadde på førehand hatt høve til å lesa rapporten frå kontrollkomiteen, og dermed gjera seg opp ei meining. Dei stemde ikkje i blinde. Den urimelege skuldinga rommar både ein elitistisk tankegang og ei grov undervurdering av dømekrafta til folk.

I det siste innlegget manar Aambø Østby endå ein gong til «oppgjør». Det må vel bety at botsgangen min (og andre sin) ikkje har vore djup og ekte nok.

Spørsmålet er kva premissar og røyndom som då skal leggast til grunn. Korleis rettargangen reint praktisk skal gjennomførast, kan ein også undrast på. Ser ho for seg eit opplegg på neste generalforsamling der ho og andre klagarar sit på plattforma med fasiten i handa, medan ex-hovudstyreformann, generalsekretær, informasjonsleiarar og andre skuldige går stille forbi med bøygde hovud kledde i sekk og oske?

Om eg ikkje har vore like tett på alle prosessar, må eg likevel ta ansvar for det som skjedde på vakta mi (2009-2018). Etter mange år i misjonen har eg ingen vanskar med å sjå at ting stundom kunne ha blitt gjort annleis. Som eit «leirkar» har eg ingen illusjonar om noko anna.

Når det er sagt er det likevel uråd å ta inn over seg den einsidige, ubalanserte og til tider karikerte framstillinga Aambø Østby byr på. Så vidt eg kan sjå er ho fanga i dikotomien «helt-skurk», og kjem ikkje vidare. Og akkurat det kan eg gjera lite med.

Powered by Labrador CMS