Debatt
MOTSETNADER: Å glatta over klare motsetnader i Bibelen, bidreg til å svekkja truverdet til både Bibelen og kristendommen, meiner innsendaren.
Odd Mehus
Er Bibelen og kristendommen truverdig?
Favoriseringa av Det nye testamente kontra Det gamle testamente er usakleg.
28/11 hevda HLT-lektor John Daniel Andersen åtte grunnar til å tru på Bibelen. Men eg finn store feil i argumentasjonen hans. Ikkje minst i hans sjette påstand om einskap og harmoni mellom dei ulike delane i Bibelen. For eg ser fleire disharmoniar i Bibelen:
a) Kven som er Abraham sine born: I Joh 8,39 er kriteriet at ein gjer Abraham sine gjerningar, med andre ord, omskjer i tråd med 1 Mos 17. Men i Gal 3,7 er kriteriet ikkje å leva som Abraham, men å ha «tru».
b) Kven som skal vera forbanna: I 5 Mos 27,26 er det den som bryt Moselova, men i Gal 3,13 er det Kristus. Men 1 Kor 12,3 om at Anden aldri seier «forbanna er Jesus», motseier Gal 3,13.