Er det ein stor profet som let seg krenke av vantru?
Desse motdemonstrantane er noko som Arbeidarpartiet på Håkon Lie si tid kalla for «nyttige idiotar», dei fortel det norske folk med sin oppførsel at SIAN talar sant!
«Nei til islamisering av Norge» har halde demonstrasjonar mange plassar i landet og kvar gong har dei møtt motdemonstrasjonar av folk som bryt ned oppsette gjerder, ikkje bryr seg om politiet og kastar stein og andre gjenstandar på dei som demonstrerer for SIAN.
Etter det eg kan sjå av bileta har mesteparten av desse unge motdemonstrantane innvandrar-bakgrunn.
SIAN held sine demonstrasjonar etter demokratiske reglar, der dei med tale og skrift legg fram sin bodskap, rettar seg etter politiet og lovene sine reglar. Motdemonstrantane brukar vold og pøbelfakter og viser lite respekt for lover og folkeskikk.
Dei kallar SIAN sine folk for rasistar og mange andre stygge ting dei ikkje har dekning for, profeten deira vert krenka og dette må hemnast. Ein kan spørje, er det ein stor profet som let seg krenke av ein vanleg vantru?
Desse motdemonstrantane er noko som Arbeidarpartiet på Håkon Lie si tid kalla for «nyttige idiotar», dei fortel det norske folk med sin oppførsel at SIAN talar sant!
Politiet har fått mykje tyn for bruk av tåregass mot mindreårige. Politiet skal verne liv og eigedom og har ikkje tid til å be om legitimasjon når desse ungdomane angrip dei med stein og andre våpen.
Angrip dei politiet må dei også tole at politiet forsvarar seg. På tampen vil eg be alle om å lese Koranen, den gjev mange svar!
Til dei som demonstrerer mot SIAN, bruk tale og skrift og følg lover og reglar då vert de respekterte.